mandag 4. juli 2011

Kvifor er sanninga så vanskeleg?

Nils Christian Geelmuyden sa følgjande i eit radiokåseri 27. septamber 2008: "Man kan leve av å spå, det er det mange som gjør. Men man kan ikke leve av å fortelle sannheten, for den er det ingen som vil høre!"


Dette er ei røynsle som har gjort seg, også Jesus. Han oppdaga etter kvart at det var ikkje marknad for sanninga. Då han påpeikte og påtalte grådigskap, avvik, hjarteløyse, vondskap, forfengelegdom og løgn, vart han hata, og det kosta han livet.

Me hatar dei som avslører oss, men elskar dei som stryk oss med håra. Men det nyttar lite å hata legen som stiller ein alvorleg diagnose. Ingen blir betre av det. Når Gud talar til oss om våre synder, er det ikkje for å gjera oss bedrøva, men for å lækja oss.

Språket avdekker eller kamuflerer. Atombomba over Hiroshima fekk kosenamnet "Little boy", sa Geelmuyden i kåseriet sitt, men det var ikkje noko koseleg med den. Ho var eit massedrapsvåpen. Norske soldatar "tek ut" fientlege mål i Afghanistan. Men dei gjer ikkje det. Dei drep talibansoldatar. Og me kan leggja til: Norske legar tek 15000 abortar årleg. Men dei gjer ikkje det. Dei drep 15000 barn årleg. Kven torer å seia sanninga? Kven toler å høyra henne?

Sanninga er det einaste som kan gjera oss til heile menneske, det einaste som kan få oss på rett kurs, det einaste som kan setja oss i fridom. Kor denne tida treng folk som kan tala sanning inn i samfunnsdebatten og til den enkelte av oss. Det vil aldri vera marknad for sanninga, ingen vert rik av å bruka rette ord om ubehagelege ting, men dei som likevel gjer det, vil bli hugsa med glede, for dei førte oss framover og oppover.


Ingen kommentarer: