Viser innlegg med etiketten abort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten abort. Vis alle innlegg

lørdag 16. mars 2024

"Sjølvbestemt" abort fram til fødsel?

Bystyrerepresentant i Bergen for SV, Eira Garrido, går inn for å fjerna grensa for "sjølvbestemt" abort heilt. Kvinna skal kunna ha høve til å ta livet av barnet sitt heilt  fram til fødselen. 

At det kjem forslag om noko slikt frå SV, er i seg sjølv opprørande. Det er ille nok som det er i dag når grensa for abort går ved 12 veker. Likevel blir det klarare for oss at abort er mord jo nærare det skjer i tid før fødsel. 

Regjeringa vil ha grensa ved 18 veker, og dette forslaget er i dag ute på høyring. Dersom SV landar på å gå inn for veke 37, aukar faren for at regjeringa, som er avhengig av SV i Stortinget, strekker "sjølvbestemminga" fram til veke 22. Eg vil ikkje her koma inn på korleis legane gjennomfører drap på slike barn. Det er ikkje vakkert. 

Det er noko underleg med SV: Partiet stiller alltid opp for dei svake i samfunnet, og dei er heilt sikkert like glad i barn som alle andre.  Men kvifor i all verda skal dei falla dei ufødde barna i ryggen? Det er naturstridig for alle, og ikkje minst for SV. 

Sosialistane leitar alltid etter konfliktlinjer i samfunnet. Men det er ingen konflikt mellom mor og barn. Barnet sine interesser er også mora sine. Slik er naturen laga. Å få kvinner til å tenkja om barna sine at dei trugar interessene deira på ein eller annan måte, er berre tragisk, og heile denne greia er i ferd med å endra samfunnet radikalt. Og det som verre er: Det provoserer Gud. Det er ein betydeleg alvorsgrad over det. 


torsdag 26. oktober 2023

Manglande medynk

 Det er nokre år sidan no. Eg ante fred og ingen fare, og var oppteken med eitt eller anna kvardagsleg då eg brått høyrde ei røyst som sa: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Det var som om det var ein person som stod i rommet attmed meg og snakka. Men det var ingen der, og eg visste det: Det var Gud. Eg hadde høyrt stemma hans ein gong før på same måten, så eg visste det var han, og eg visste det handla om abort. Kvifor held me på med dette i Noreg? Det har vore mange svar. Men Guds analyse skilde seg frå alle andre eg hadde høyrt: Manglande medynk. Han kunne ha sagt medkjensle, men eg trur han ville ha fram at han ynkast over dei små som heile tida må bøta med livet, og at dersom me som lever i friluft hadde hatt den same medynken, den same djupe empatien, så ville me ha omslutta kvar einaste ufødd barn med den største omsorg, og gjeve han/ho det høgaste rettsvern som tenkjast kan.

Men me har ikkje det. Og jo fleire som vert borte på denne måten, jo mindre tenkjer me på dei som medmenneske. Og dessutan ser me det ikkje. Alt føregår «trygt» bak fire vegger der ingen har tilgang utan dei som har ansvar for inngrepa, og Gud. For HAN ser, og han ynkar seg.

Ei stund etter at Gud hadde tala til meg på denne måten, las eg i Bibelen, og var komen til  profeten Jesaja kapittel 13. Då eg kom til vers 18, kvapp eg til. For av alle ting står det der: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Kva i all verda var dette? Hadde han sagt det før? Om kven? Jo, om persiske krigarar som i 539 f.Kr. kom for å erobra Babylonia. Desse krigarane var ekstremt valdelege, ja, så brutale at dei ikkje ein gong sparte barnet i mors liv. Noko verre enn det hadde Gud aldri før uttalt over eit folk.

Og så er det oss då. Me vil ikkje kalla abort for vald. Det blir for vanskeleg for oss. Men kva er det om det ikkje er vald? Språk er makt. Me kallar det for «svangerskapsavbrot». Og det er rett. Svangerskapet blir avbrote. Men for å få det til, må også barnets liv avbrytast.

Ingen vil barna til livs, berre svangerskapa. Ja, det skjønar eg. Og det skjønar Gud. Men han vil ha sagt at det er langt viktigare at barna får leva enn at svangerskapa vert avbrotne. Det vil han at me skal skjøna, og når me tenkjer oss nøye om, så må me gje han rett. Ikkje noko gode er større enn sjølve livet, og ingen rett skulle stå så høgt i kurs som livsretten.

Kan ufødde barn gjenvinna livsretten i Noreg? Ja, lat oss håpa og be om det, både for barna si skuld, og vår eiga. For når Gud talar til oss, gjer me lurt i å lytta og lyda.

mandag 4. januar 2021

Når døden blir feira i Buenos Aires gater

Eg trudde aldri eg skulle bli vitne til ei slik feiring som me før helga såg i Buenos Aires gater etter at argentinske kvinner vart sikra rett til fri abort fram til veke 14 i svangerskapet. Det gav meg ei  merkeleg kjensle. Går det an å feira retten til å ta livet av små barn på ein slik måte? Er ikkje denne saka av ein slik karakter at det hadde vore meir høveleg med ei ganske stillferdig markering? 

Men jublande kvinner gjev oss heldigvis ikkje heile bilete. Det var mange som gret også av fortviling og sorg, og det er nok den reaksjonen som best reflekterer alvoret i denne saka. 

Kvinnene feira nok retten til å kunna bestemma over sin eigen kropp, som det heiter. Men i røynda feira dei retten til å bestemma over liv eller død for barna sine kroppar. Ikkje noko mindre. Og det er lite å feira, for alle barn som er unnfanga fortener å få leva, og liva deira burde vore effektivt verna av lovverket. 

I Jesaja 28,15-18 står det at dei som gjer pakt med døden søkjer ly i løgn og gøymer seg bak svik. Dommen over desse skal fellast av "hovudhjørnesteinen" for det nye templet, som er Jesus. Han vil gjera rett til målesnor og rettferd til vektlodd. Hagl skal feia bort det ly som løgna gjev, og vatn skal oversvømma gøymeplassane. Pakta med døden skal opphevast og avtalen med dødsriket skal ikkje stå ved lag. Når flaumen kjem strøymande, skal dei som har vedteke desse lovene (og det gjeld i alle land), trakkast ned. 

Slike ord frå Bibelen skulle vera sterke nok for eitkvart parlament til å snu og oppheva abortlovenen sine før Herren grip inn. For det skal skje. 


mandag 28. september 2020

Er me på veg mot 18 vekers grense for sjølvbestemt abort i Noreg?

Ting kan tyda på det. Unge Venstre ønskjer denne nye grensa. SV har vel alt programfesta ho, og sterke krefter i Arbeidarpartiet vil også dette. Kor FrP står veit eg ikkje heilt. For oss kristne er dei lite å stola på, desverre. 

Dersom me får ei raud regjering etter valet i 2021, er eg redd at abortgrensa vert flytta til veke 18. Det vil i så fall vera ei enorm brutalisering. Det er ille at me har sjølvbestemt abort i det heile tatt her i landet, Gud hatar det. Og dersom grensa vert flytta lenger ut i svangerskapet, vil fleire liv gå tapt, og me normaliserer drap av barn enno meir enn me alt har gjort gjennom gjeldande lov. 

Argumentet om at "kvinna må ha rett til å bestemma over sin eigen kropp", har sjølvsagt ingen validitet. For det er ikkje kvinna sin kropp som vert splitta opp her, men barnets kropp. 

Eg ser ingen annan mulighet for å hindra dette å skje enn å stemma på KrF, og slik sørga for blått fleirtal i Stortinget. Eg er redd at Høgre utan KrF vil dreia i liberal retning saman med Venstre, og då ser eg ikkje korleis dette skal kunna stoppast politisk. 

 Og så får me be om at Gud intervenerer i landet vårt og vekker oss opp åndeleg og moralsk, at han auser Anden over si kyrkje og sender ein ny dag over Noreg. 

 

mandag 4. juli 2011

Kvifor er sanninga så vanskeleg?

Nils Christian Geelmuyden sa følgjande i eit radiokåseri 27. septamber 2008: "Man kan leve av å spå, det er det mange som gjør. Men man kan ikke leve av å fortelle sannheten, for den er det ingen som vil høre!"


Dette er ei røynsle som har gjort seg, også Jesus. Han oppdaga etter kvart at det var ikkje marknad for sanninga. Då han påpeikte og påtalte grådigskap, avvik, hjarteløyse, vondskap, forfengelegdom og løgn, vart han hata, og det kosta han livet.

Me hatar dei som avslører oss, men elskar dei som stryk oss med håra. Men det nyttar lite å hata legen som stiller ein alvorleg diagnose. Ingen blir betre av det. Når Gud talar til oss om våre synder, er det ikkje for å gjera oss bedrøva, men for å lækja oss.

Språket avdekker eller kamuflerer. Atombomba over Hiroshima fekk kosenamnet "Little boy", sa Geelmuyden i kåseriet sitt, men det var ikkje noko koseleg med den. Ho var eit massedrapsvåpen. Norske soldatar "tek ut" fientlege mål i Afghanistan. Men dei gjer ikkje det. Dei drep talibansoldatar. Og me kan leggja til: Norske legar tek 15000 abortar årleg. Men dei gjer ikkje det. Dei drep 15000 barn årleg. Kven torer å seia sanninga? Kven toler å høyra henne?

Sanninga er det einaste som kan gjera oss til heile menneske, det einaste som kan få oss på rett kurs, det einaste som kan setja oss i fridom. Kor denne tida treng folk som kan tala sanning inn i samfunnsdebatten og til den enkelte av oss. Det vil aldri vera marknad for sanninga, ingen vert rik av å bruka rette ord om ubehagelege ting, men dei som likevel gjer det, vil bli hugsa med glede, for dei førte oss framover og oppover.