Eg trudde aldri eg skulle bli vitne til ei slik feiring som me før helga såg i Buenos Aires gater etter at argentinske kvinner vart sikra rett til fri abort fram til veke 14 i svangerskapet. Det gav meg ei merkeleg kjensle. Går det an å feira retten til å ta livet av små barn på ein slik måte? Er ikkje denne saka av ein slik karakter at det hadde vore meir høveleg med ei ganske stillferdig markering?
Men jublande kvinner gjev oss heldigvis ikkje heile bilete. Det var mange som gret også av fortviling og sorg, og det er nok den reaksjonen som best reflekterer alvoret i denne saka.
Kvinnene feira nok retten til å kunna bestemma over sin eigen kropp, som det heiter. Men i røynda feira dei retten til å bestemma over liv eller død for barna sine kroppar. Ikkje noko mindre. Og det er lite å feira, for alle barn som er unnfanga fortener å få leva, og liva deira burde vore effektivt verna av lovverket.
I Jesaja 28,15-18 står det at dei som gjer pakt med døden søkjer ly i løgn og gøymer seg bak svik. Dommen over desse skal fellast av "hovudhjørnesteinen" for det nye templet, som er Jesus. Han vil gjera rett til målesnor og rettferd til vektlodd. Hagl skal feia bort det ly som løgna gjev, og vatn skal oversvømma gøymeplassane. Pakta med døden skal opphevast og avtalen med dødsriket skal ikkje stå ved lag. Når flaumen kjem strøymande, skal dei som har vedteke desse lovene (og det gjeld i alle land), trakkast ned.
Slike ord frå Bibelen skulle vera sterke nok for eitkvart parlament til å snu og oppheva abortlovenen sine før Herren grip inn. For det skal skje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar