tirsdag 22. juni 2021

Har Pride monopol på kjærleiken?

 Kjærleiken er inga ny oppdaging, og slett inga ny oppfinning.

For saka er den at dersom ikkje kjærleiken hadde vore så sentral i ei gamal bok (Bibelen), hadde ikkje omgrepet i særleg grad vore kjent i vår tid. Ingen plassar blir kjærleiken så høgt prist som i Bibelen, og det sjølv om dei homofile organisasjonane og Pride-rørsla gjev inntrykk av at det er DEI som har funne opp alt saman. Og det ser ut til at dei har lukkast. Dei har teke eigarskap til saka, og nyttar høve til å omdefinera kjærleiken til  «kjærleik er kjærleik», utan å reflektera nemneverdig over gehalten i ein slik banalitet. Det rare er at halve verda syng med på det same refrenget, og slik gjer seg mykje dummare enn dei er.

For i motsetnad til Pride-rørsla er kjærleiken i Bibelen omtalt både nyansert og presist. Her er det ikkje berre snakk om erotisk kjærleik, men om nestekjærleik, kjærleik mellom foreldre og barn, mellom vener og mellom menneske og Gud.

For sjølv om Pride snakkar om mangfald og solidaritet, er det den erotiske kjærleiken, som er i fokus, og mantraet deira er at "alle må få elska dei dei vil".

Men dette er alt for svakt, og strengt tatt ei utholing av kjærleiken. For Bibelen påbyr rett og slett alle å elska alle, ikkje berre dei ein føler oss emosjonelt tiltrekt mot. Ja, Jesus påbyr oss i Bergpreika til og med å elska fiendane våre. 

Aldri har eg sett dette perspektivet omtalt frå dei homofile sine organisasjonar. Det er totalt utanfor deira interessesfære. 

Sjølv om dei på denne måten både innsnevrar og utarmar kjærleiken, har dei på forunderleg vis klart å oppnå monopol på å snakka om han. Det er ikkje mindre enn eit ran, og med tanke på rikdomen som er i dette omgrepet, er det ein skandale at desse menneska har blitt hylla som kjærleikens apostlar. For det er dei ikkje. At dei derimot er den seksuelle nytinga sine apostlar, er det ingen tvil om.

Kjærleiken tilhøyrer Gud. 1. Korintarbrev 13 er med rette kalla «kjærleikens høgsong», og alle som ønskjer å læra kva kjærleiken er og korleis han ser ut, bør studera dette kapitelet skrive av ein mann som levde i frivillig sølibat. Det har ikkje hemma han i denne saka, og det han skriv ligg himmelhøgt over alt som vert produsert av prosa frå dagens seksualprofetar, og i motsetning til det desse skriv om kjærleik, vil apostelen Paulus sine ord leva vidare og aldri døy ut.

Eg vågar å påstå: Dei homofile sine organisasjonar har stole kjærleiken frå oss, og no er tida komen då me berre må ta han attende. For kjærleiken handlar ikkje om lyst, men om å setja andre sine behov framfor sine eigne, rett og slett om å leva eit sjølvoppofrande liv, og det er noko ganske anna  enn alt det som no bli presentert som kjærleik, fenomen som Bibelen beskriv som hor, utukt og usømeleg åtferd.

Ingen kommentarer: