onsdag 23. juni 2021

St.Johannes, den største fødd av ei kvinne.

I dag er det midtsommar og St.Hans, eller "jonsok", som dei gamle sa, som er ei forkorting for "Johannesvaka". Denne dagen har kyrkja i hundrevis av år feira  til minne om at Johannes døyparen vart fødd. Sjølvsagt feira dei dagen i førkristen tid også, men då kristendomen fortrengde dei gamle norrøne gudane, vart også dei gamle festane omdefinerte slik at folk kunne festa som før, men ikkje lenger med blot. No skulle dei tilbe den kvite Krist, og bli kjende med personane rundt han. Johannes døyparen var ein av dei, han som Kristus sjølv karakteriserte som "den største fødd av ei kvinne". 

Kva var så spesielt med Johannes? Kortversjonen er slik: Han vart avla på underfullt vis eit halvt år før Jesus, han var fylt av Den heilage ande heilt frå mors liv, han hadde eit uvanleg nært høve til den allmektige Gud og han var ein profet som bana vegen for Jesus. 

Johannes var den første profeten som hadde stått fram i Israel på 400 år. Han var ein sensasjon. Og kva forkynte han? At alle menneske står ansvarlege innfor Gud med liva sine, at dei difor måtte venda om frå syndene sine, bli døypt og overgje liva sine til Gud. Slik skulle dei få tilgjeving og evig liv. Ein enkelt evangelisk bodskap. 

Men så peika han også framover og sa: "Eg døyper dykk med vatn, men etter meg kjem det ein som er større enn meg, eg er ikkje ein gong verdig til å knyta skoa hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld!" Han snakka om Jesus og den nye tida som skulle koma med han. 

Og Jesus kom, vart døypt av Johannes og i dåpen sjølv døypt med Anden og utrusta med kraft til dei enorme gjerningane som han var sendt til å gjera. Under og teikn kom til å prega kvar dag av livet hans, før alt kulminerte med han døydde for våre synder og stod opp til vår rettferd. 

Denne soga er så stor og forunderleg at me blir aldri trøytte av å snakka om henne. Dette er den store forteljinga i vår historie, den som knyter oss til ei lys og strålande framtid saman med Gud. 

Kva er det me feirar i dag? Når me brenn bål, skal me tenkja på den Guds eld som brann i dei gamle profetane i Bibelen, i Johannes, i Jesus, i apostlane hans og som Jesus vil tenna i kvar enkelt truande. 

Bibelen lærer oss at Jesus ved trua bur i hjarto våre. Det er ei mektig sanning. For kva gjer han i oss? Han fyller oss med sin Ande og med himmelens kraft og kjærleik slik at ein kristens liv likar på Hans liv som kom frå himmelen for å frelsa oss.

I den nikenske trusvedkjenninga heiter det at Anden går ut frå Faderen og Sonen.  Anden er utgåande. Det skjer kontinuerleg, og bur Kristus i deg, går Anden ut frå han og fyller deg, ikkje berre til randa, men det renn over og du blir til ei velsigning for dei du har rundt deg. "For frå deira liv som trur på meg skal det renna elvar av levande vatn," sa Jesus, "han snakka om den Anden dei skulle få som trur på han, for Anden var enno ikkje komen." 

Men Anden kom. Det skjedde på pinsedagen. No er han her og utrustar Jesu vener med forunderlege gåver, og han leier det store misjonsarbeidet. Kjenner du han? Erfarer du han? Dersom dette er ukjent for deg, kan det vera at du må venda om til Kristus på nytt i dag og be om at han skal gje deg og fylla deg med Anden og halda fram med det til din siste dag. Det er hans glede og din fødselsrett. 



Ingen kommentarer: