tirsdag 29. juni 2021

Når grunnvollane vert rivne bort

 "Når grunnvollane blir rivne bort,

          kva kan den rettferdige gjera?" Salme 11,4

Svaret på dette spørsmålet kjem eg attende til i slutten av denne teksten.

Uansett kor sterk eit mann er, utan at han har eit godt tak i noko som står fast, kan han ingenting få gjort.  

Når me går, må me ha eit fast underlag å gå på som ikkje gjev etter. Kjem me ut på glattisen, misser me me forfeste og går på rygg.

"Gje meg eit fast punkt, og eg skal flytta verda," sa Arkimedes. Ja, saka er den at også eit svakt menneske kan flytta verda med eit fast punkt. Det er berre om å gjera å skaffa seg eit stort nok moment. 

Me såg det i Miami i helga då ei bustadblokk rasa saman. Når det som heldt blokka oppe svikta, rasa ho saman som eit korthus, og alle som hadde lagt seg for å sova om kvelden i fast forvisning om at dei var trygge, tok feil. Utan å ana noko vart dei dregne med i døden. 

Med jamne mellomrom oppstår det økonomisk krise, og aksjekursane fell som steinar på verdas børsar. Kvifor skjer dette? Fordi dei økonomiske realitetane bak aksjane har forvitra. Då hjelper det ikkje kor dyktige aksjeeigarar og aksjemeklarar er. Dei vert tekne med i raset, og store formuar forsvinn på timar. 

Me skjønar at det å ha gode fundament, sanne, og ikkje innbilte verdiar, er heilt naudsynt på alle livsområder for at ting skal gå bra. 

I krig er sanninga det første offeret, blir det sagt. Det er sant. Då blir det spreidd desinformasjon frå alle hald, og ingen veit kva dei skal halda seg til. Dersom ein rettferdig mann er feil informert, vil han føreta seg feil ting. Det hjelper ikkje kor god og klok han er. 

Sanninga er ein av dei store og viktige grunnvollane i livet. Utan at me har eit sant utgangspunkt, går me oss vill. 

"Kva er sanning?" spurde Pilatus under forhøyret av Jesus. Han visste svaret: Sanninga var at Jesus var uskuldig. Men Pilatus tok ikkje sjansen på å handla på det han visste var sant, og av frykt for folket dømde han Jesus til døden. Du verda kor mange dumme og feil ting folk gjer fordi dei er redde. Pilatus fjerna seg frå sanninga som grunnvoll, og frå den dagen av gjekk det veldig gale for han. 

Jesus sa om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Far utan gjennom meg!" Pilatus visste at Jesus var uskuldig. Hadde han handla på denne sanninga, hadde han i neste omgang forstått at det var noko meir med Jesus enn det han visste: Han hadde forstått at Jesus var den eigentlege dommaren, og at Jesus var den einaste som kunne berga han ut frå den dommen han var under pga sitt skitne og brutale liv. Men han reiv grunnvollen bort under seg sjølv, og ingen kunne seinare hjelpa han. 

Med Jesus kom Gud inn i verda og vart han fundamentet som me alle kan byggja liv og framtid på, det faste punktet Arkimedes etterlyste.  Jesus preparerte frelse for oss alle, ei frelse me kan ta imot som ei gåve. Paulus skriv: "Ingen kan leggja annan grunnvoll enn den som er lagt, Jesus Kristus!" 

Men dersom Kristus vert forkasta av eit menneske, er det ikkje ein ting ein rettferdig person kan gjera for å frelsa han, så lenge han blir i forkastinga.  

Liksom Jesus er sjølve Sanninga, er alle hans ord sanne og gode. Dei lovene han gav oss i Bibelen er fjellfaste og trygge. Held me oss til dei, gjer me livet trygt både for oss sjølve og dei som me har rundt oss. Men den som forkastar lovene hans, riv grunnvollen bort under seg, og kan ikkje reddast av nokon. 

Noreg har alltid sett til Gud, og lovene våre har bygd på hans lover. Det har vore ei suksessoppskrift for nasjonen. 

Men no har me fått ein generasjon med leiarar som ope og skamlaust forkastar Guds lover som fundament for sine eigne liv og for lovverket vårt. Og det slår ut på den måten at dei ikkje berre tillet det som Gud forbyr, men dei vil forby det som Gud påbyr. Slik riv dei grunnvollane bort under seg sjølv og samfunnet. Kva i all verda kan dei rettferdige gjera då? 

Fem ting vil eg nemna her: 
Me kan halda oss til Gud og trufast lova og prisa han, studera hans ord og praktisera det i liva våre.
Me kan leggja øyro våre inn til Guds hjarta og lytta til han og la oss leida av han i små og store ting. 
Me kan be, ikkje minst for politikarane våre, og at dei skal bli opplyste av Herrens Ande. 
Me kan forkynna, driva misjon, vitna og argumentera.
Me kan planta og byggja nye kyrkjelydar i by og bygd.

Det kan me gjera fordi, og så lenge, me står fast i Kristus og på hans ord, og ut frå vår ståstad kan me byggja plattformer under beina på på stadig nye menneske som er begynt å kjenna seg svimle, eller som allereie har kollapsa. 









Ingen kommentarer: