Viser innlegg med etiketten den rettferdige. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten den rettferdige. Vis alle innlegg

tirsdag 29. juni 2021

Når grunnvollane vert rivne bort

 "Når grunnvollane blir rivne bort,

          kva kan den rettferdige gjera?" Salme 11,4

Svaret på dette spørsmålet kjem eg attende til i slutten av denne teksten.

Uansett kor sterk eit mann er, utan at han har eit godt tak i noko som står fast, kan han ingenting få gjort.  

Når me går, må me ha eit fast underlag å gå på som ikkje gjev etter. Kjem me ut på glattisen, misser me me forfeste og går på rygg.

"Gje meg eit fast punkt, og eg skal flytta verda," sa Arkimedes. Ja, saka er den at også eit svakt menneske kan flytta verda med eit fast punkt. Det er berre om å gjera å skaffa seg eit stort nok moment. 

Me såg det i Miami i helga då ei bustadblokk rasa saman. Når det som heldt blokka oppe svikta, rasa ho saman som eit korthus, og alle som hadde lagt seg for å sova om kvelden i fast forvisning om at dei var trygge, tok feil. Utan å ana noko vart dei dregne med i døden. 

Med jamne mellomrom oppstår det økonomisk krise, og aksjekursane fell som steinar på verdas børsar. Kvifor skjer dette? Fordi dei økonomiske realitetane bak aksjane har forvitra. Då hjelper det ikkje kor dyktige aksjeeigarar og aksjemeklarar er. Dei vert tekne med i raset, og store formuar forsvinn på timar. 

Me skjønar at det å ha gode fundament, sanne, og ikkje innbilte verdiar, er heilt naudsynt på alle livsområder for at ting skal gå bra. 

I krig er sanninga det første offeret, blir det sagt. Det er sant. Då blir det spreidd desinformasjon frå alle hald, og ingen veit kva dei skal halda seg til. Dersom ein rettferdig mann er feil informert, vil han føreta seg feil ting. Det hjelper ikkje kor god og klok han er. 

Sanninga er ein av dei store og viktige grunnvollane i livet. Utan at me har eit sant utgangspunkt, går me oss vill. 

"Kva er sanning?" spurde Pilatus under forhøyret av Jesus. Han visste svaret: Sanninga var at Jesus var uskuldig. Men Pilatus tok ikkje sjansen på å handla på det han visste var sant, og av frykt for folket dømde han Jesus til døden. Du verda kor mange dumme og feil ting folk gjer fordi dei er redde. Pilatus fjerna seg frå sanninga som grunnvoll, og frå den dagen av gjekk det veldig gale for han. 

Jesus sa om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Far utan gjennom meg!" Pilatus visste at Jesus var uskuldig. Hadde han handla på denne sanninga, hadde han i neste omgang forstått at det var noko meir med Jesus enn det han visste: Han hadde forstått at Jesus var den eigentlege dommaren, og at Jesus var den einaste som kunne berga han ut frå den dommen han var under pga sitt skitne og brutale liv. Men han reiv grunnvollen bort under seg sjølv, og ingen kunne seinare hjelpa han. 

Med Jesus kom Gud inn i verda og vart han fundamentet som me alle kan byggja liv og framtid på, det faste punktet Arkimedes etterlyste.  Jesus preparerte frelse for oss alle, ei frelse me kan ta imot som ei gåve. Paulus skriv: "Ingen kan leggja annan grunnvoll enn den som er lagt, Jesus Kristus!" 

Men dersom Kristus vert forkasta av eit menneske, er det ikkje ein ting ein rettferdig person kan gjera for å frelsa han, så lenge han blir i forkastinga.  

Liksom Jesus er sjølve Sanninga, er alle hans ord sanne og gode. Dei lovene han gav oss i Bibelen er fjellfaste og trygge. Held me oss til dei, gjer me livet trygt både for oss sjølve og dei som me har rundt oss. Men den som forkastar lovene hans, riv grunnvollen bort under seg, og kan ikkje reddast av nokon. 

Noreg har alltid sett til Gud, og lovene våre har bygd på hans lover. Det har vore ei suksessoppskrift for nasjonen. 

Men no har me fått ein generasjon med leiarar som ope og skamlaust forkastar Guds lover som fundament for sine eigne liv og for lovverket vårt. Og det slår ut på den måten at dei ikkje berre tillet det som Gud forbyr, men dei vil forby det som Gud påbyr. Slik riv dei grunnvollane bort under seg sjølv og samfunnet. Kva i all verda kan dei rettferdige gjera då? 

Fem ting vil eg nemna her: 
Me kan halda oss til Gud og trufast lova og prisa han, studera hans ord og praktisera det i liva våre.
Me kan leggja øyro våre inn til Guds hjarta og lytta til han og la oss leida av han i små og store ting. 
Me kan be, ikkje minst for politikarane våre, og at dei skal bli opplyste av Herrens Ande. 
Me kan forkynna, driva misjon, vitna og argumentera.
Me kan planta og byggja nye kyrkjelydar i by og bygd.

Det kan me gjera fordi, og så lenge, me står fast i Kristus og på hans ord, og ut frå vår ståstad kan me byggja plattformer under beina på på stadig nye menneske som er begynt å kjenna seg svimle, eller som allereie har kollapsa. 









torsdag 21. februar 2013

Grunntankar i Romarbrevet IV. 1,16-17

16 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. 17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. 

Som kristne skulle me vera stolte over evangeliet og over Jesus, den herlege kongen vår. Paulus var i alle fall det. Han var ikkje flau på Jesu vegne, men forkynte frimodig til alle han traff at dei måtte ta imot Jesus, den einaste som har kraft og makt til å frelsa oss menneske,  og  at dei måtte skamma seg over syndene sine og få dei ut av liva sine. 

Det er jødane som har førsteretten på evangeliet. Det var til dei Jesus kom som eit lite barn, han er deira Messias og det var dei som gav verda evangeliet slik at me alle kunne bli frelste, og det beste me kan gjera for dei er å gje dei Jesus tilbake. Difor er eg glad for at me i Kristkyrkja no har bestemt oss for å støtta den messianske kyrkjelyden Beit Eliahu i Haifa. Dei gjer eit fantastisk fint arbeid mellom jødar i Israel. Mange kjem til tru og blir døypt. 

Grekarane står i denne teksten som representantar for alle oss som ikkje er jødar. Men deira rolle er likevel spesiell. Heile NT er skrive på gresk, og mange  av dei viktige omgrep i NT er henta frå gresk filosofi. Det skulle vera nok å nemna Logos, Ordet, gnosis, kunnskap og sofia, visdom, ordet med røter i gresk filosofi som apostlane plukka opp og fylte med kristent innhald. Forutan jødane er det ingen som har hatt så stor innflyting på vår kultur som grekarane. Dei var originale tenkjarar, store kunstnarar og vitskapsfolk. 

I dag ligg Hellas med brukken rygg. Landet er økonomisk bankerott. Nauda er stor, og dei har meir enn nokon gong bruk for Jesus. Landet er fullt av religion. Men det hjelper ikkje. No treng dei  himmelens Gud, den oppstadne Jesus Kristus. Han vert i Bibelen framstilt som ein frelsar for nasjonane, eit perspektiv me ikkje har foksuert så mykje på i den evangeliske kyrkja, men som me bør fokusera på. 

Vers 17 er eit vers  som tidleg på 1500-talet til dei grader kom til å endra historias gang. Den unge munken Martin Luther hadde jobba med dette verset over tid, og han tenkte: Gud er rettferdig. Eg er urettferdig. Av den grunn kjem han til å knusa meg i domen. Men så kom Anden til han ein dag og forklarte han at Guds rettferd ikkje var ein standard som han skulle leva opp til, men ei gåve han hadde fått ved trua på Jesus.  Og då han forsto dette, fall han til ro i Guds armar og Fars  kjærleik strøymde inn i den pinte sjela hans og lækte han , og han gjekk ut og forkynte for alle det han hadde oppdaga. Dermed tente han ein eld som brenn over heile verda den dag i dag. Han  gjenoppdaga at Jesus og Guds frelse var ei fri gåve som blir rekt oss gjennom Guds ord, dåpen og nattverden, og denne forkynninga løyste ut ei vekking som har spreidd seg over heile verda og som har vakse i styrke gjennom metodismen på 1700-talet, Den store oppvakninga på 1800-talet, pinsevekkinga og den karismatiske vekkinga på 1900-talet, og i våre dagar tek Gud av på ein heilt ny måte i Kina og India, og me veit at det som kjem på slutten, før Jesu atterkome, vil dette kuliminera. Så får me håpa at me får vera med på det som er på trappene. Me bur oss på det. 

Det ber me om, kjære Far. Du er ein god Gud som for Jesu skuld ikkje tilreknar oss våre synder, men i han har du gjeve oss ei fullkomen rettferd. Det er godt å tenkja på og leva i, og me berre lenar oss på deg og fell ned i ditt romslege fang. Gjer oss stolte over at me kjenner Jesus og er frelst slik at me frimodig deler han med andre menneske. Må din kjærleik leva i oss og strøyma ut frå oss og lækja dei menneska me møter som er skada av djevelens vonde gjerningar. Lat Ordet om di gåve i Jesus Kristus enno ein gong få makt i Noreg. Det  ber me om vår Gud og Far i Jesu namn.

Så ber me i dag spesielt om vern og godt mot til pastor Dharmendra i Orissa i India som er truga av hinduistiske ekstremistar, for dei mange foreldrelause barna i verda, at det skal byggast opp effektive hjelpeapparat som kan hjelpa dei og gje dei ei god og lys framtid, og for den store kristne befolkninga i Armenia, at dei skal få sjå Jesus som sin frelsar og læra seg å stola på Han og ikkje på dei religiøse seremoniane.