Lydfil: http://www.mediafire.com/?jne9e13228e5fat
Bøn: "Herre Jesus, gode Gud! Du som opna skriftene for disiplane dine, gjer det same for oss. Helga oss i sanninga, ditt ord er sanning."
Jødane er Guds utvalde folk. Dei fekk lova gjennom Moses, og dei meinte at dei ved å vera lovas folk kunne vera eit lys i mørkret og ein vegvisar for åndeleg blinde. Men lova er så visst ingen veg til Gud. Lova avslører oss, stiller diagnose på oss og påviser at me etter Guds standard er håplause forbrytarar som korkje kan eller vil elska Gud over alle ting, ei heller vår neste som oss sjølve. Som kristne veit me at det er galt å stela, sura oss, kjefta, smella og baktala, men det skjer likevel, og når det skjer, vanærar me Gud.
Jødane stolte på omskjeringa. Den var ein sterk religiøs tradisjon. Men Paulus påviser her at ein uomskoren som lever godt, er betre stilt enn ein omskoren som lever dårleg. Profetane i GT påpeiker støtt og stadig at indre haldningar er viktigare enn ytre religiøse handlingar. Det avgjerande for oss er kva Gud har fått gjera med oss i vårt indre menneske. Frelse er indre forvandling, ny fødsel som Jesus seier, og ein jøde som er frelst, er ein sann jøde, og ein heidning som er frelst, er meir jøde enn ein jøde som ikkje er fornya og forvandla av Den heilage ande.
Folk i våre dagar stolar gjerne på dåpen. Dei trur at om dei er døypte, så er alt vel og at dei dermed kjem til Gud når dei døyr, og stundom verkar det som om kyrkja og prestane oppmuntrar folk til å tru og tenkja slik. Men det er eit bedrag. Dåpen har berre frelsesbetydning for den som trur på Jesus. Utan tru, er dåpen kun eit bad og har ingen betydning for evigheten. Omskjeringa gjorde jødane til Guds folk i etnisk og politisk forstand, men ikkje i åndeleg forstand, til det måtte dei ha personleg tru i tillegg. Slik gjer dåpen vanlege folk til medlemmer av kyrkja, men ikkje til medlemmer av Guds rike. Til det trengst eit personleg tillitsforhold til Jesus i tillegg. Heile poenget med dåpen er jo å etablera dette personlege forholdet.
Gode Gud! Takk for ordet ditt. Du har lagt så mykje lys ned i det, og i Biblen viser du oss vegen til livet og det gode. Hjelp oss slik at me ikkje bedreg oss sjølve ved å stola på ytre religiøse handlingar eller seremoniar, men stolar fullt og heilt på Sonen din og det verket han gjorde på Golgata på våre vegne.
Så vil me i dag be for dei 107 indianske stammene i Brasil som enno ikkje har fått høyrt om Jesus på sitt eige språk. Lat det skje, Gud! Må nokon høyrer ropet frå desse og ta ansvar for deira sjels opplysning og frelse.
Me vil også be for dei over 100 kristne familiane i Lahore i Pakistan som nyleg fekk brent ned heimane sine. Gje dei å tilgje dei muslimske overgriparane og å møta vondskapen med Kristi kjærleik. Må du i din godleik gje dei tilbake meir enn dei mista. Herre miskunna deg over dei. Amen!
Viser innlegg med etiketten jøde. Vis alle innlegg

mandag 18. mars 2013
torsdag 21. februar 2013
Grunntankar i Romarbrevet IV. 1,16-17
16 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. 17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
Som kristne skulle me vera stolte over evangeliet og over Jesus, den herlege kongen vår. Paulus var i alle fall det. Han var ikkje flau på Jesu vegne, men forkynte frimodig til alle han traff at dei måtte ta imot Jesus, den einaste som har kraft og makt til å frelsa oss menneske, og at dei måtte skamma seg over syndene sine og få dei ut av liva sine.
Det er jødane som har førsteretten på evangeliet. Det var til dei Jesus kom som eit lite barn, han er deira Messias og det var dei som gav verda evangeliet slik at me alle kunne bli frelste, og det beste me kan gjera for dei er å gje dei Jesus tilbake. Difor er eg glad for at me i Kristkyrkja no har bestemt oss for å støtta den messianske kyrkjelyden Beit Eliahu i Haifa. Dei gjer eit fantastisk fint arbeid mellom jødar i Israel. Mange kjem til tru og blir døypt.
Grekarane står i denne teksten som representantar for alle oss som ikkje er jødar. Men deira rolle er likevel spesiell. Heile NT er skrive på gresk, og mange av dei viktige omgrep i NT er henta frå gresk filosofi. Det skulle vera nok å nemna Logos, Ordet, gnosis, kunnskap og sofia, visdom, ordet med røter i gresk filosofi som apostlane plukka opp og fylte med kristent innhald. Forutan jødane er det ingen som har hatt så stor innflyting på vår kultur som grekarane. Dei var originale tenkjarar, store kunstnarar og vitskapsfolk.
I dag ligg Hellas med brukken rygg. Landet er økonomisk bankerott. Nauda er stor, og dei har meir enn nokon gong bruk for Jesus. Landet er fullt av religion. Men det hjelper ikkje. No treng dei himmelens Gud, den oppstadne Jesus Kristus. Han vert i Bibelen framstilt som ein frelsar for nasjonane, eit perspektiv me ikkje har foksuert så mykje på i den evangeliske kyrkja, men som me bør fokusera på.
Vers 17 er eit vers som tidleg på 1500-talet til dei grader kom til å endra historias gang. Den unge munken Martin Luther hadde jobba med dette verset over tid, og han tenkte: Gud er rettferdig. Eg er urettferdig. Av den grunn kjem han til å knusa meg i domen. Men så kom Anden til han ein dag og forklarte han at Guds rettferd ikkje var ein standard som han skulle leva opp til, men ei gåve han hadde fått ved trua på Jesus. Og då han forsto dette, fall han til ro i Guds armar og Fars kjærleik strøymde inn i den pinte sjela hans og lækte han , og han gjekk ut og forkynte for alle det han hadde oppdaga. Dermed tente han ein eld som brenn over heile verda den dag i dag. Han gjenoppdaga at Jesus og Guds frelse var ei fri gåve som blir rekt oss gjennom Guds ord, dåpen og nattverden, og denne forkynninga løyste ut ei vekking som har spreidd seg over heile verda og som har vakse i styrke gjennom metodismen på 1700-talet, Den store oppvakninga på 1800-talet, pinsevekkinga og den karismatiske vekkinga på 1900-talet, og i våre dagar tek Gud av på ein heilt ny måte i Kina og India, og me veit at det som kjem på slutten, før Jesu atterkome, vil dette kuliminera. Så får me håpa at me får vera med på det som er på trappene. Me bur oss på det.
Det ber me om, kjære Far. Du er ein god Gud som for Jesu skuld ikkje tilreknar oss våre synder, men i han har du gjeve oss ei fullkomen rettferd. Det er godt å tenkja på og leva i, og me berre lenar oss på deg og fell ned i ditt romslege fang. Gjer oss stolte over at me kjenner Jesus og er frelst slik at me frimodig deler han med andre menneske. Må din kjærleik leva i oss og strøyma ut frå oss og lækja dei menneska me møter som er skada av djevelens vonde gjerningar. Lat Ordet om di gåve i Jesus Kristus enno ein gong få makt i Noreg. Det ber me om vår Gud og Far i Jesu namn.
Så ber me i dag spesielt om vern og godt mot til pastor Dharmendra i Orissa i India som er truga av hinduistiske ekstremistar, for dei mange foreldrelause barna i verda, at det skal byggast opp effektive hjelpeapparat som kan hjelpa dei og gje dei ei god og lys framtid, og for den store kristne befolkninga i Armenia, at dei skal få sjå Jesus som sin frelsar og læra seg å stola på Han og ikkje på dei religiøse seremoniane.

Abonner på:
Innlegg (Atom)