Elisabeth,
mor til Johannes døyparen, sa då ho i høg alder var blitt gravid: "Herren
har teke bort vanæra mi". Heile livet hadde ho og Sakarja vore barnlause.
Men så greip Herren inn og gjorde eit under, og Elisabeth vart mor, og Sakarja
far.
«Han har
teke bort vanæra mi.»
Elisabeth
visste at ho bar på eit barn og ikkje ein celleklump.
Ho visste at ho hadde blitt mor. Ho visste at Johannes ikkje var ein del av
hennar kropp, han hadde ikkje ein gong hennar kjønn. Korleis kan dagens kvinner
seia at gutefoster er ein del av deira kropp? Ikkje noko foster er ein del av
mora sin kropp. Barnets DNA er heilt annleis enn mora sitt. Provosert abort er
babydrap, korkje meir eller mindre.
På Elisabeth
si tid var det gjerne slik at det var ei vanære for ei kvinne å ikkje få barn.
Det var ingen som då visste at barnløysa like gjerne kunne skuldast mannen som
kvinna.
Men same
kva som var grunnen, så skjedde underet, og Elisabeth opplevde det som at ei
tung bør vart teken bort frå henne.
Så kjem
eg til sjølve saka: Den vanæra som vart teken bort frå Elisabeth, er liten i
høve til den vanæra han har løfta av våre skuldre.
I
Romarbrevet 3,23 står det at "me har alle synda, og står utan ære innfor
Gud". Det er sanninga om oss menneske. Syndene våre er skammelege og
ufyselege, om dei ligg i dagen eller under overflata, og me har ingenting å
rosa oss av i møte med Gud, ei heller med kvarandre. Difor blir me oppfordra
til å kalla på Jesus, innrømma syndene våre for han, lukka han inn i hjarto
våre. Då dekkjer han oss med tilgjeving og nåde. Vanæra vert erstatta med ære,
og sorg med glede, strid med fred og åndeleg armod med åndeleg rikdom. Kan du tenkja deg noko større?
Og så eit
ord til alle pastorar og kristenleiarar. Kanskje har du strevd i årevis med å
vinna menneske for Gud, men utan å lukkast. I år etter år har du våre åndeleg
ufruktbar, og sunn og normal kyrkjevekst har du måtta sjå langt etter. Fatt
mot. Gud vil gjera eit mirakel i livet ditt og i kyrkja di, og du vil oppleva
at folk du vitnar for tek imot bodskapen og vender om til Gud, og kyrkjelyden
din som var uproduktiv, vil stå fram som ei lukkeleg mor til mange nye barn, (Salme 113,9) og
du kan stå fram og seia: "Herren har teke bort vanæra mi!"

