tirsdag 4. desember 2018

Disippelskap IX. Forbedaren

Einkvar mentor må leggja stor vekt på å læra disippelen sin å bli ein forbedar.

I 2.Mosebok 16 les me om då israelittane kjempa mot amalekittane. Josva var Israels hærførar på bakken. Men det var ikkje DER sigeren vart vunnen. For oppå fjellet, like ved slagplassen, sat Moses med den eine handa løfta, og så lenge handa var løfta til velsigning, sigra Israel, men når armen hans trøytna og handa fall, tapte dei. Aron og Hur var saman med Moses der oppe på fjellet, og då dei merka korleis ting fungerte, tok dei handa til Moses og støtta henne opp. Slik vann Israel ein knusande siger over amalekittane, og Gud sa at minne om dette folket skulle utslettast på jorda fordi dei hadde kjempa mot folket hans og mot han.

Moses var ein forbedar av rang. Han visste at berre ved hans forbøn kunne folket sigra over fiendane.

Som kristne står me i ein kosmisk krig, ikkje mot menneske, men mot makter og herredøme og verdsens herrar i dette mørkret. Me blir rett og slett angripne av demoniske krefter som vil stoppa oss i vår vandring mot dei mål Herren har sett for oss.

Israel var på veg til Kanaans land for å erobra det og ta det i eige. Det var Guds plan og vilje for dei. Det fordra at dei hadde Moses som forbedar.

Me har fått i oppdrag å erobra heile verda for Jesus, og motstanden frå "denne verdas fyrste", djevelen, er veldig. Han hånar oss, gjer oss motlause, freistar oss, forfører oss,  distraherer oss, baktalar oss og forfølger oss, alt for at me ikkje skal ha kraft til å rana menneskebarna frå han.

Korleis skal me kjempa? Me må be for kvarandre. Be om at me skal vera sterke i Gud og ha eit godt mot, og at me ikkje skal koma i freisting, for slik lærte Jesus oss å be i "Fader vår", og han presiserte det for Peter, Jakob og Johannes i Getsemane. 

Og Jesus er vår Moses. Han er i himmelen, ved Fars høgre hand, og HAN ber for oss, og utan HANS forbøn, hadde kyrkja for lengst vore utsletta.

Men ho lever i beste velgåande, og er større enn nokon gong.

Jesus er ein forbedar. Me er hans disiplar, og me følgjer Meisteren vår og løftar hendene og ber for alle dei heilage som lever misjonale liv, for dei som deler evangeliet med folk og kallar til omvending, tru og etterfølging. Desse tirrar og utfordrar djevelen, og får mektig motsand. Difor treng dei å bli bedt for, for Gud har gjort oss til eit fellesskap, og ingen kan ha nokon reell betydning for Guds rike ved å halda på åleine. Det er i mot Guds plan, og den som går åleine, blir fort eit lett offer for fienden. 

Ingen kommentarer: