lørdag 1. desember 2018

Kallet til etterfølging


Lukas 5,17-18
Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus. 

Levi var tollar. Han var i romersk teneste, og som einkvar overløpar, var han hata av folk flest. Fordi tollarane tente pengar for og på okkupasjonsmakta, var dei sosialt og religiøst utstøytte menneske, og dersom nokon heldt seg saman med dei, vart dei sett kraftig ned på dei også. Ein av hovudklagemåla mot Jesus var nettopp at han heldt seg saman med syndarar (prosttituerte og gamblarar) og tollarar.
Men Jesus brydde seg katten i det. Han var komen for å leita etter det som var fortapt for å frelsa det, som han sa, og tollarar, prostituerte og gamblarar var akkurat det, fortapte menneske med eit desperat behov for frelse.

Det er mange i den gruppa også i dag. Det var slike menneske me skulle hatt i vår omgangskrins. Dei er erfaringsvis langt meir opne for evangeliet og Guds frelse enn andre som er innafor og får alt til å fungera etter forventningane.

Tollaren Levi var i Jesu søkelys. Han såg heilt andre ting i denne mannen enn nokon andre. For det første var han eit medmenneske, og det er nok for Jesus til å elska han, og dinest hadde han kvalitetar som ingen andre enn Jesus registrerte. Levi hadde store litterære evne, og det var han som seinare skreiv Matteusevangeliet.

Alt startar hos Jesus. Ingen søkjer Gud, står det, men heldigvis søkjer han oss. Levi hadde sikkert ingen tankar om Gud denne dagen, men så vart han altså oppsøkt av Gud og frelst. Gud er ein Gud som kjem til oss og kallar oss til etterfølging og tru. Då startar det nye livet som aldri tek slutt.

Levi hadde bruk for Jesus, og Jesus for han, og ein dag då Jesus gjekk forbi tollbua der ved inngangsporten til byen, kalla han Levi til oppbrot og etterfølging.

Jesus hadde ein enorm autoritet, og det er ingen tvil om at Matteus må ha forstått Jesu kall til etterfølging som Guds eige kall.  Han kjente umiddelbart at Jesus måtte stå over keisaren i Rom, og at tida var inne for eit regimeskifte, frå det romerske til Guds.

Slik starta eit heilt nytt kapittel i Levi sitt liv. Han fekk leggja det gamle bak seg, og gå inn i den planen GUD hadde for livet hans.

Å vera kristen er å vera ein etterfølgjar av Jesus, ein disippel. Det største med dette er retten til å kunna nyta hans nærvær kvar time på døgnet, lytta til han, tilbe han, elska han, bli elska av han, lovsyngja han, be til han og tena han.

Gud har ein fantastisk plan med livet ditt også,  og den einaste som kan føra deg inn i denne planen er Jesus Kristus.

Har du høyrt Jesu kall til etterfølging? Har du respondert?

I Johannes 14,6 kallar Jesus seg for VEGEN. Og i Hebrearbrevet les me at Jesus har bana oss ein ny og levande veg til Gud. Den einaste måten me kan koma til Far på er ved å følgja Jesus der han går. 

Ingen kommentarer: