Viser innlegg med etiketten skriftemål. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skriftemål. Vis alle innlegg

mandag 15. oktober 2018

Disippelaktivitet 4. Skriftemål

Ein mentor må hjelpa disippelen sin inn i skriftemålet, dette å regelmessig sanna syndene sine for ein medkristen, og i første omgang er det naturleg at mentoren sjølv er skriftefar for disippelen sin.

"Vedkjenn då syndene for kvarandre, og be for kvarandre så de kan verta lækte", Jakob 5,16.
Skriftemål er ikkje eit ord som me finn i Bibelen, men saka finn me. Jesus sa til disiplane etter oppstoda at "dersom de tilgjev nokon syndene deira, er dei tilgjevne, men held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne", Johannes 20,23.

Begge desse avsnitta indikerer at dei første kristne sanna syndene sine for kvarandre, og det var denne praksisen som nedfelte seg i skriftemålet, det at ein kristen regelmessig går til ein annan kristen for å få syndene sine fram i lyset, og setja sanne og rett ord på dei og i neste omgang få absolusjon.

Nattverden er det me kan kalla ein generell absolusjon der syndsforlating vert forkynt over alle nattverdsgjestene. I skriftemålet får me ein meir skreddarsydd absolusjon for dei syndene me har løfta fram i lyset og sett ord på. Begge deler høyrer med til disippellivet.

Det interessante er at Jakob koplar skriftemålet saman med salving av sjuke og mirakuløs lækjedom. Det fører oss til den tanken av skriftemålet opnar for Guds kraft inn i liva våre, både den lækjande og den utrustande.

I den katolske og i dei ortodokse kyrkjene er skriftemålet formalisert på ein annan måte enn i dei protestantiske. Eg ser ikkje for meg ein slik modell hos oss. Me har eit heilt anna syn enn dei på presteskapet.

Men det er etter mitt syn ingen tvil om at skriftemålet høyrer heime i disippelskapet, og hadde me fått orden på dette, ville færre falle frå trua, og me ville ha vore langt sterkare i Gud.

torsdag 19. mars 2009

Ny eksorsismedebatt

Det har dukka opp ein ny eksorsismedebatt. Når eg les innlegga slår det meg at dei fleste fortel sjølvsikkert om ting dei ikkje har erfaring med, og dermed heller ikkje kan ha kunnskap om. Det er berre fordummande.

Bibelen har inga lære om demonane og det dei held på med. Men i evangelia les me at dei på ulike måtar gav seg til kjenne i møte med Jesus. Han avslørte dei og dreiv dei ut. Skal me driva med det same, må me ha den kvaliteten i liva våre som gjer at demonane blir pressa opp i dagen. Då er det dags for å driva dei ut.

Tunge psykiatriske pasientar kan lett koma til å tru at dei har ein djevel i seg. Dei kjenner det slik. Men desse menneska er i all hovudsak sjuke pga heilt andre høve.

Eg tenkjer meg at demonane like lett kan bu i ein frisk kropp som i ein sjuk kropp. Men det er i møte med Jesus at dei begynnar å oppføra seg ubehageleg.

Det er grunn til å tru at demoniseringa i samfunnet vil auka med aukande nyreligiøsitet, spådomskunst, meditasjon, yoga, okkultisme, fetisjisme og ved at folk lever utsvevande liv på ymse vis. Djevelen er mørkrets fyrste, og gjennom synd få han fotfeste i folks liv. Difor er det så viktig for oss mennesker at me sannar syndene våre og lever i Guds ljos. Då er me uangripelege. Men kven gjer vel det?

Demoniserte menneske opplever og søker gjerne overnaturlege ting. Dei vert opptekne av healing og magiske krefter av ymse slag. Skal dei bli fri demonane sine må dei venda seg bort frå avgudsdyrkinga og bli løyst gjennom skriftemål og forbøn. Det vil berre bli meir og meir av dette her, og me som er kristne må sko oss skikkeleg.