Viser innlegg med etiketten tru. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tru. Vis alle innlegg

tirsdag 12. august 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXII. Kap.10,14-21

Trua på Jesus er ei gåve frå Gud. Men denne gåva kjem ikkje til oss gjennom lause lufta, men gjennom Guds ord. Det er difor det er så viktig for alle menneske å lesa Bibelen, og eksponera seg for kristen forkynning. Når me anerkjenner Bibelen som Guds ord, skaper ordet tru i oss og gjer oss til sanne kristne. Den som vil finna Gud, må leita der Gud er å finna, nemleg i sitt dyrebare ord.

Det er denne erkjenninga som m.a. ligg bak Jesu misjonsbefaling når han seier: "Gå ut og forkynn evangeliet for all skapningen" (Markus 16,15).  Trua kjem altså av forkynninga, og dersom det er lite forkynning i eit samfunn, er det også lite tru å spora. Difor skriv Paulus til venen sin Timoteus: " forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst og gjer alt med tolmodig undervisning.,"

Det er lite sann kristen tru i Noreg i dag fordi folk flest sjeldan blir eksponerte for kristen forkynning. Samanhengen er eintydig: Guds rike går attende i landet vårt fordi kristne sjeldan eller aldri deler evangeliet med sine medmenneske. Me har så lite på hjarta, noko som igjen botnar i at me sjølve sjeldan les i Bibelen og høyrer Guds ord forkynt.

Nøkkelen ligg altså i Ordet lest, høyrt, forkynt og praktisert. Skjer dette i liva våre, er resultatet gjeve: Menneske kjem til tru på Jesus, blir frelst frå sine synder og  får borgarrett hos Gud. Dei som ikkje var eit folk, blir Guds folk, skriv apostelen her.

Det er også tilfelle med det jødiske folket. Gjennom to tusen år har dei stått imot evangeliet om Jesus Kristus. Men enno rettar den gode Gud hendene sine ut mot dette trassige folket, og som me skal sjå i kapittel 11: ein dag vil dei springa inn i Jesu famn. Men meir om det seinare.

onsdag 25. september 2013

Romarbrevet 4,18-25

Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli. 19 Han var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å bli mor. 20 Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21 For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22 Difor vart han rekna som rettferdig.
   
23 Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.


Abraham var 100 år og Sara 90. Alt menneskeleg håp om å bli foreldre hadde vore ute i mange tiår. Men det var ein hake ved dette: Gud hadde lova dei å bli foreldre, og om Abraham ikkje lenger kunne håpa på å få noko til ut frå eigne føresetnader, hadde han ikkje slutta å håpa på at Gud kunne få noko til. Han var ikkje vantruande, les me, men vart sterk i trua ved at han gav Gud ære. Dette kan me læra noko viktig av: Me blir sterke i trua når me ærar Gud. Korleis gjer me det? Ved å halda fast på ordet hans, leva etter det og forkynna det, og ved å lovsynga og tilbe Han. Når me ærar Gud med liva våre, blir me overtydde om at Gud er mektig til å gjera det han har sagt, og då blir me rekna for å vera rettferdige menneske. Så stor betydning har trua for Gud at ho dekker over alle feila våre. Gud ser totalt bort frå syndene til eit menneske som trur på han slik som Abraham trudde, dvs for den som trur at Gud reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde. Gjer du det, blir du rekna som eit fullkome rettferdig menneske av Gud. Det kan han gjera fordi den same Jesus som du trur på døydde for syndene våre og sto opp slik at me skulle bli rettferdige. Jesus er altså sin eigen person vår rettferd, og trur me på han, har me linka oss opp til han og alt hans er vårt. Dette er berre heilt strålande. Den som har Sonen, har livet, og den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Alt handlar om Jesus. Det er han som gjer forskjellen. Har du han, har du alt. Manglar du Han, manglar du alt.

fredag 10. mai 2013

Grunntankar i Romarbrevet, del XII, kap 4,1-8.

http://www.mediafire.com/?dcl78jgjirdwk3z
Romarbrevet 4 handlar om trua. Abraham er vårt store førebilete i alt som har med tru å gjera. Han høyrde Gud, trudde på det han høyrde og reagerte med lydnad. Slik vart han rekna som eit rettferdig menneske. Han var ein syndar som alle oss andre, men Gud var så begeistra for at han trudde på han at han bestemte seg for ikkje å tilrekna han syndene hans, men behandla han som eit heilt gjennom rettferdig menneske, dvs. ein som var som han skulle vera etter Guds plan.

Men dette reknestykket hadde sin pris. Det fordra av Gud at han sjølv vart menneske for å ta på seg alle Abrahams synder og døy for dei. Og det gjorde han som me veit då Jesus kom og ordna opp, ikkje berre for Abraham, men for oss alle, slik at alle som no trur på Guds ord og responderer med lydnad på dette ordet, kan bli rekna for rettferdige utan å vera det.

Dette er det me kallar nåde. Det er det motsette av forteneste. Gud gjev den som trur det motsette av det han/ho har fortent. Me har fortent å bli straffa etter våre lovbrot, men blir i staden frikjent og løfta inn i Guds kjærleik, ein stilling som Gud gjennom Jesus har kjøpt oss retten til.

Den som imidlertid ikkje vil stola på Guds ord om Jesus og overgje seg til Gud på nådens premissar, vel dermed si eiga løysing på sitt eige problem, ein blir ståande ansvarleg for syndene sine sjølv, og det kan umogeleg gå bra, for den løna som synda gjev er døden, les me i 6,23, og her er det snakk om den evige død.

Vår lukke ligg i samfunnet med Gud. Når me blir sette fri frå våre synder og fylte med Guds evige kjærleik, kjenner me oss så verdsatt og fri at det er ingenting som kan samanliknast med denne erfaringa.  Det er å vera "sæl", som det heiter på nynorsk, "salig" på bokmål, "blessed" på engelsk, velsigna av Gud, slik som David opplevde dette etter at han hadde sanna syndene sine og vendt seg bort frå dei. Straks vart denne høge status hans, som han skriv i Salme 32.

Far i himmelen, takk at du rekna alle oss som trur som rettferdige sjølv om me på ingen måte er det. Me prisar deg for din nåde og for det offer du gav for å kunna gje oss denne nåden. Send oss ditt lys og din Ande slik at me kan forstå rekkevidda av ditt ord og din kjærleik. Amen! 

torsdag 27. oktober 2011

Den som har Sonen har livet

Sonen er Jesus. Kven har Jesus? Den som har tatt imot han som Herre og frelsar, og som trur på han.

Kva er det å tru på Jesus?
Det er å satsa heile livet og framtida si på han og berre han.
Du kan seia det slik: Har Jesus deg, har du han.

Å tru er ein heilhjarta ting. Det er mykje meir enn å anta at noko er slik eller slik. Bibelen definerer tru som "pantet på det me håpar" og "bevis på det me ikkje ser" , Hebrearbrevet 11,1.

Trua er rett og slett ein del av Guds røyndom som er komen til oss, litt av himmelen på forskot. Trua er guddommeleg og kan ikkje skapast av andre enn Gud.

Ingen kan velgja å tru. Men me kan velgja å la oss påverka av Guds ord som skaper trua. Gud gjev oss sine gåver gjennom sitt ord. Det er ein åndeleg hovudregel.

Jesus er Guds gåve til oss. Har du han, så har du det evige livet. Det handlar ikkje om kva du føler eller opplever. Det er ein objektiv sanning. Den som han SONEN, har LIVET.

torsdag 9. oktober 2008

Tru og moral


Eg les i ny og ne i Blaise Pascal si bok "Tankar", som er ei samling manus av ulik lengde som låg att etter han då han døydde i 1662. Han hadde planar om å gje ut ein samla kristen dogmatikk, men han fekk aldri realisert prosjektet. Men dette forarbeidet hans er eit studium verd for dei som interesserer seg litt for tenkning.

Pascal forfektar at det som hindrar menneska i å erkjenna Gud og ta imot trua som ei gåve ikkje er mangel på gudsbevis eller indilkasjonar på at Gud eksisterer, men det er dei syndige lidenskapane menneska ikkje vil ta oppgjer med. Han har lite tru på gudsbevisa si kraft når det gjeld å få menneska til å venda om og overgje liva sine til Gud. Problemet er ikkje intellektuelt, det er moralsk, hevdar han, difor må menneska utfrodrast på det moralske. Sitat: "Du seier at dersom du berre fekk trua som ei gåve, ville du leggja bort lidenskapane, men eg seier deg: Legg bort lidenskapane så vil du få trua som ei gåve."

Dette samsvarar med Jesu ord i Johannes 7,17. "Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv."

For oss som likar å prata med folk om Gud, kan dette vera eit viktig bidrag. Å setja fokus på det moralske, kan bringa eit profetisk og personleg element inn i samtalen som kan få det heile til å bli aktuelt og nært. Men det stiller krav til takt og tone.