tirsdag 12. august 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXII. Kap.10,14-21

Trua på Jesus er ei gåve frå Gud. Men denne gåva kjem ikkje til oss gjennom lause lufta, men gjennom Guds ord. Det er difor det er så viktig for alle menneske å lesa Bibelen, og eksponera seg for kristen forkynning. Når me anerkjenner Bibelen som Guds ord, skaper ordet tru i oss og gjer oss til sanne kristne. Den som vil finna Gud, må leita der Gud er å finna, nemleg i sitt dyrebare ord.

Det er denne erkjenninga som m.a. ligg bak Jesu misjonsbefaling når han seier: "Gå ut og forkynn evangeliet for all skapningen" (Markus 16,15).  Trua kjem altså av forkynninga, og dersom det er lite forkynning i eit samfunn, er det også lite tru å spora. Difor skriv Paulus til venen sin Timoteus: " forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst og gjer alt med tolmodig undervisning.,"

Det er lite sann kristen tru i Noreg i dag fordi folk flest sjeldan blir eksponerte for kristen forkynning. Samanhengen er eintydig: Guds rike går attende i landet vårt fordi kristne sjeldan eller aldri deler evangeliet med sine medmenneske. Me har så lite på hjarta, noko som igjen botnar i at me sjølve sjeldan les i Bibelen og høyrer Guds ord forkynt.

Nøkkelen ligg altså i Ordet lest, høyrt, forkynt og praktisert. Skjer dette i liva våre, er resultatet gjeve: Menneske kjem til tru på Jesus, blir frelst frå sine synder og  får borgarrett hos Gud. Dei som ikkje var eit folk, blir Guds folk, skriv apostelen her.

Det er også tilfelle med det jødiske folket. Gjennom to tusen år har dei stått imot evangeliet om Jesus Kristus. Men enno rettar den gode Gud hendene sine ut mot dette trassige folket, og som me skal sjå i kapittel 11: ein dag vil dei springa inn i Jesu famn. Men meir om det seinare.

Ingen kommentarer: