søndag 10. august 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXI. Kap 10,5-13



Denne teksten lærer oss at Gud er nær. Han er i sitt eige ord. Det er berre å ta fram Bibelen og lesa, så er han hos deg. Han er også i munnen og orda til alle som sannar at Jesus er Herre, og i hjarta til alle som trur at Jesus lever. Så du treng ikkje reisa langt for å oppleva Gud. Han kan du oppleva og erfara her og no og kvar dag så lenge du lever.
Jødane trudde at dei kunne bli rettferdige for Gud ved å perfeksjonera seg og bli meir og meir lovlydige. Men det går ikkje. Rettferda er ligg i hjarta, og rettferdig er berre den som har teke imot tilgjeving for syndene sine og blitt forvandla i hjarta av Guds kjærleik.
Ingen er kristne ved å framstå som kristne. Ytre gode gjerningar kan lett vera eit skalkeskjul for indre vonde lyster. Ein blir kristen ved å ta imot Guds kjærleik og rettferd som ei gåve. Det er ei kraftfull gåve som formidlar nytt og intenst liv til alle som tek imot henne, og ein vert rettferdig på innsida.
Den indre rettferda handlar om å tru på og elska Gud.
Det kan me ikkje utan først å ha opplevd og erfart Guds eigen kjærleik til oss.
Me elskar fordi han elska oss først, skriv Johannes ein plass. Når me blir bada i Guds ufortente kjærleik og nåde, må synda og vondskapen vika frå oss, og me kjem til liv i Gud, og hans framtid blir vår. Og i dette skal me ikkje bli skuffa. Ingen som trur på Jesus vil bli skuffa. Alt han har sagt av håpefulle ting om himmelen, vil gå i oppfylling, og alle som ber til Jesus, vil bli frelst, dvs. dela æva med han.
Denne teksten set mangt på plass for oss. Verda er full av nasjonalisme og rasisme. Dette kjem ikkje frå Gud, men frå djevelen. For Gud er alle like mykje verd, jødar, grekarar, arabarar, nordmenn osv, og han er rik nok for alle som kallar på han. Han har ressursar til å møta eitkvart behov hos eitkvart menneske på kloden til eikvar tid. For ein herleg Gud me har, og han vil at me skal sjå på kvarandre som søsken og elska kvarandre slik.

Ingen kommentarer: