Viser innlegg med etiketten Pascal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pascal. Vis alle innlegg

mandag 18. juli 2011

Jødane beviser Gud

Blaise Pascal (1621-1657), skriv i sine “Tankar” noko slikt: Aldri har det vore fødd ein nasjon ut frå èin person utan denne eine nasjonen, Israel som spring ut frå patriarken Abraham. Alle andre nasjonar er ei blanding av mange slekter, men denne eine nasjonen består av èi slekt med èin felles stamfar. Så skriv han vidare noko slikt som dette: Dette folket har overlevd dei største påkjenningar, forfølgingar og pogromar utan at det har lukkast for nokon å utsletta dei, trass i iherdige forsøk, og trass i at dei har vore spreidde over heile verda og finst i alle nasjonar. Dei kan ikkje vera noko anna enn eit guddommeleg under. Dei er ein nasjon utan land, men slik som Gud har teke vare på dei til denne dag, skal han i sin truskap igjen samla dei i landet sitt for å ta seg av dei, og han vil velsigna verda gjennom dette folket og denne nasjonen.

DETTE SKREIV ALTSÅ BLAISE PASCAL PÅ 1600-TALET. Etter den tid er miraklet berre blitt enno større, og etter at jødane under 2. verdskrigen vart utsett for historias største folkemord, vart staten Israel oppretta i 1947. Det var eit mirakel utan sidestykke i historia. Mot alle odds skjedde dette fordi Gud ville det.

Det som Pascal såg på 1600-talet skulle vera enno tydlegare no. Og den gamle matematikaren ville vel ha klødd seg ganske kraftig i hovudet dersom han hadde sett fram til vår tid då folk flest avviser jødebeviset og ikkje vil høyra snakk om at jødane er Guds utvalde folk, sjølv etter alt det store som har hendt med dei etter hans tid.

“Eg vil velsigna deg og gjera deg til eit stort folk,” sa Gud til Abraham, “eg vil velsigna dei som velsignar deg, og forbanna dei som forbannar deg, og i deg skal alle ættene på jorda velsignast.”

Gud har valt ut Israel for at dette folket skal gje hans velsigning til verda.

Og tenk på det, min kjære lesar: Jesus Kristus var jøde. Tenk på kor stor velsigning verda har hausta av han, sjølv om dei fleste enno stengar hjarto sine for han. Tenk på Bibelen, kvar einaste bokstav i denne boka er skriven av ein jøde, og ikkje noko bok i verda har velsigna så mange sjeler som denne. I dag er ho omsett til 2550 språk, og den boka som kjem på andre plass, “Das Kapital” av Karl Marx, er omsett til 70 språk, ei bok som i dag heilt har mista sin aktualitet.

Over heile verda haustar menneske kvar dag enorme velsigningar frå jødefolket. Kvar dag tek 100 000 menneske imot evangeliet om Jesus Kristus og erfarer den enorme fridomen som krafta som er i han. Det kan også du som les dette få erfara. Aksepter dei bevisa på Gud som han har gjeve deg, lukk Jesus inn i livet ditt og du vil kjenna at du er komen heim til Gud, din rette Far.

mandag 30. mars 2009

Pascal om det å vera menneske.


I dag eit ord av Pascal i gjen: "Menneske er korkje engel eller dyr, men dersom det prøver å vera ein engel, vert det eit dyr!" Veit ikkje om dette sitatet krev så mykje forklaring. Men eg trur han vil seia at når me prøver å gjera oss betre enn me er, vert me både uutholdelege og farlege. For i vårt strev etter det fullkomne endar me fort opp med å bli ekstremt sjølvopptekne. Og få ting er så lite fullkome som det.


Mennesker som søkjer det ideelle, får fort skylappar. Dei vert einspora og fanatiske. Det er ikkje idèane som har størst verdi, men menneska. Ein idè har kun verdi i den grad han tener menneska. Den idèen som gjer livet vanskeleg for folk, må forkastast som skrap.


Paulus var ein farleg idealist før han vart kristen. Men i møte med Jesu gjennomtrengande ljos, måtte han revurdera heile livet og forkasta alt han hadde stått for. Han akta det for skrap slik at han kunne vinna Kristus, og finnast i han, ikkje med si eiga rettferd, den som kjem av lova, men med den rettferda som me får ved trua, rettferda av Gud på grunn av trua.


Så eit poeng til: Dei som meiner at menneske kun er eit elendig dyr, er likevel opptekne av å få ære av mennesker. Det er ei sjølvmotseiing. For det kan då vel ikkje vera noko stas å få ære av noko smått. Men saka er at hestar og hundar søkjer ikkje ære. Og vår jakt på ære, plasserer oss i ein annan kategori enn dyre, me er åndsvesen.


torsdag 9. oktober 2008

Tru og moral


Eg les i ny og ne i Blaise Pascal si bok "Tankar", som er ei samling manus av ulik lengde som låg att etter han då han døydde i 1662. Han hadde planar om å gje ut ein samla kristen dogmatikk, men han fekk aldri realisert prosjektet. Men dette forarbeidet hans er eit studium verd for dei som interesserer seg litt for tenkning.

Pascal forfektar at det som hindrar menneska i å erkjenna Gud og ta imot trua som ei gåve ikkje er mangel på gudsbevis eller indilkasjonar på at Gud eksisterer, men det er dei syndige lidenskapane menneska ikkje vil ta oppgjer med. Han har lite tru på gudsbevisa si kraft når det gjeld å få menneska til å venda om og overgje liva sine til Gud. Problemet er ikkje intellektuelt, det er moralsk, hevdar han, difor må menneska utfrodrast på det moralske. Sitat: "Du seier at dersom du berre fekk trua som ei gåve, ville du leggja bort lidenskapane, men eg seier deg: Legg bort lidenskapane så vil du få trua som ei gåve."

Dette samsvarar med Jesu ord i Johannes 7,17. "Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv."

For oss som likar å prata med folk om Gud, kan dette vera eit viktig bidrag. Å setja fokus på det moralske, kan bringa eit profetisk og personleg element inn i samtalen som kan få det heile til å bli aktuelt og nært. Men det stiller krav til takt og tone.

mandag 8. september 2008

Ein Guds mann langt utanom det vanlege


For eit par år sidan fekk eg tak i Blaise Pascal si bok "Tanker om kristendommens sannhet". Det gjorde meg lukkeleg. Blaise Pascal som levde i Frankrike på frå 1623 til 1662 er kjent både som matematikar, fysikar, apologet og vekkjingspredikant. Ein så sjeldan kombinasjon at det burde vekkja interesse hos nokon kvar. Han er vel rekna for å vera eit av dei mest lysande genia i europeisk historie. Innan matematikken er han kjent for Pascals triangel, arbeid med binomialkoeffesienten, han utvikla statistikken som vitskap og la grunnlag for å kunna berekna sannsyn. Dessutan jobba han mykje med såkalla magiske kvadrat der det er plassert tal vassrett og loddrett i ruter, og der summen av tala i rutene blir den same om me reknar vassrett, loddrett eller diagonalt. Han konstruerte også den første reknemaskinen, og starta dermed eit laup som har enda i dagens datateknologi. Nok om det.
Pascal kom til omvending etter ei alvorleg ulukke med ein hesteskyss i 1654. Han vart liggjande umeviten av sjokk i 15 dagar, og då han vakna til live, hadde han intense religiøse visjonar. Han skreiv dette ned på ein lapp og gøymte det i kappa si: "Eld! Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, ikkje filosofane og dei lærde sin gud....eg vil ikkje gløyma ditt ord. Amen!"
Etter dette gjekk han inn i klosteret Port Royal der han kom under innflyting av den katolske vekkjingsrørsla jansenismen, ei rørsle etablert at hollenderen Cornelius Jansen (1585-1638). Jansenistane la vekt på personleg syndeansvar, Guds nåde og Guds forutbestemming.
I klosteret kasta Pascal seg ut i intens skriving. Dei mest kjende skriveria er dei såkalla provinsialbreva der han under pseudonymet Louise de Montalte, med intellektuell overlegenhet knuste den jesuittiske moralfilosofi. Det vart 19 brev i alt, og paven lyste dei i bann og beordra at dei skal brennast. Men kornet var sådd, og desse breva kom til å endra heile den katolske teologiske litteraturen.
Pascal hadde som mål å skriva ein samanhengande kristen dogmatikk, og han begynte å samla stoff til dette føremålet. Det vart mange lappar og lause skriv som han la til sides for seinare systematisering. Men døden innhenta han så alt for tidleg, så prosjektet vart aldri fullført. Det verda sat att med var alle desse notata. Dei vart saml, sett i system og utgjeven i ei til dei grader uferdig bok som likevel har hatt ei enorm betydning både for verdslitteraturen og for mange menneskes åndelege erkjenning av Gud. Kjem attende til noko som er å finna i denne boka seinare.