torsdag 9. oktober 2008

Tru og moral


Eg les i ny og ne i Blaise Pascal si bok "Tankar", som er ei samling manus av ulik lengde som låg att etter han då han døydde i 1662. Han hadde planar om å gje ut ein samla kristen dogmatikk, men han fekk aldri realisert prosjektet. Men dette forarbeidet hans er eit studium verd for dei som interesserer seg litt for tenkning.

Pascal forfektar at det som hindrar menneska i å erkjenna Gud og ta imot trua som ei gåve ikkje er mangel på gudsbevis eller indilkasjonar på at Gud eksisterer, men det er dei syndige lidenskapane menneska ikkje vil ta oppgjer med. Han har lite tru på gudsbevisa si kraft når det gjeld å få menneska til å venda om og overgje liva sine til Gud. Problemet er ikkje intellektuelt, det er moralsk, hevdar han, difor må menneska utfrodrast på det moralske. Sitat: "Du seier at dersom du berre fekk trua som ei gåve, ville du leggja bort lidenskapane, men eg seier deg: Legg bort lidenskapane så vil du få trua som ei gåve."

Dette samsvarar med Jesu ord i Johannes 7,17. "Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv."

For oss som likar å prata med folk om Gud, kan dette vera eit viktig bidrag. Å setja fokus på det moralske, kan bringa eit profetisk og personleg element inn i samtalen som kan få det heile til å bli aktuelt og nært. Men det stiller krav til takt og tone.

Ingen kommentarer: