tirsdag 28. oktober 2008

Sigersrapport i flyktningesak


Kristkyrkja på Stord (http://www.kristkyrkja.no/) jobbar mykje med å hjelpa flyktningar. Gjennom åra har Gud opna ei dør for oss på dette området og velsigna oss med brør og systre frå mange land. For tida har me 4 familiar frå Iran, fleire einslege mødre med barn frå Eritrea, ein familie frå Syria og ein mann frå Irak. Desse menneska gjer oss rike, og dei lærer oss så mykje om venskap og mellommenneskeleg godleik.


I vår fekk den syriske familien på mirakuløs vis opphald i Noreg. Det skulle ikkje vera mogeleg etter alle lovar og reglar. Men me ropte til Gud for dei, og det umogeleg skjedde. Gud visste nok at denne familien ikkje kunne tola utsending. For det første hadde dei konvertert til kristen tru, og me hadde glede av å døypa dei alle i mars 07. Men det var også mange andre tilhøve som gjorde oss ekstremt urolege med tanke på utsending. Men Gud gav dei den sakshandsamaren som skulle til, og dermed gjekk saka deira gjennom.


Men i sist veke fekk dei melding om at dei måtte flytta til Os, for Stord hadde fylt opp kvoten sin med flyktningar for i år. Men denne familien har ingen som dei kjenner på Os, men her har dei eit nettverk i kyrkjelyden som er blitt som ein familie for dei. Dei var fortvila over dette, og igjen var det å ropa til himmelens Gud. Og det utrulege skjedde: Det kom eit brev frå Stord kommune i dag som fortalde at dei hadde endra meining og gjeve familien bustadrett i kommunen likevel, og dette utan at me har løfta ein fing. Så her er det halleljuastemning i dag.


Å jobba med flyktningar og asylsøkjarar gjev oss mange spennande dagar og netter. Det vert mykje bøn og arbeid. Og når me når fram og nokre får opphald, blir det takkefest. Så langt har alle som har knytta seg til kyrkjelyden fått ja på søknadane sine. Men i desse dagar har me mykje å be om. Det skal vera sikkert.

Ingen kommentarer: