Når Paulus skriv at det ikkje er nokon fordøming for dei som er i Kristus Jesus, må det vera avgjerande viktig for oss å forstå kva det vil seia å vera i Kristus Jesus, for alle som er utanfor Han, vil bli fordømt på den siste dag.
Me må ta eit bilete for å forstå dette rett. Lat oss seia at du er borgar av Noreg eller av eit anna land. Då har du heilt spesielle og udiskutable rettar i dette landet. Dersom du ikkje er borgar, er rettane dine kraftig innskrenka, og har du ikkje opphaldsløyve ein gong, kan du til og med bli kasta ut av landet.
Jesus er konge i eit rike som ikkje er av denne verda. Han er Gud, og hans rike er Guds rike. Jesus sa til Pilatus: "Den som er av sanninga, høyrer mi røyst." Å høyra Jesu røyst betyr å anerkjenna Bibelen som Guds ord, bøya seg for Jesu overherredøme og gje han våre liv. Slik blir ein borgar av Guds rike, og får del i alle dei rettar som borgarar av dette riket har.
Kva er det så med dette riket? Det er eit rike heilt utan straffelov. Slik er det totalt ulikt alle andre riker som straffar stort og smått som borgarane gjer galt. Men Guds rike er eit straffefritt rike. Det har samanheng med at Jesus under sitt jordeliv oppfylte alle rikets lover på borgarane sine vegne, og i tillegg sonte den straffa som dei pga sine synder hadde gjort seg fortent til. Dermed avskaffa han Guds lov som straffelov, og denne er i staden vorten ein kjær og truverdig rettleiar for dei kristne med tanke på korleis dei skal leva liva sine. I staden for å fordømma dei kristne, vernar lova dei mot djevelen og alle hans øydeleggande planar. Difor elskar kristne Guds lov, ja, denne kjærleiken er eit teikn på at dei er sanne kristne, skriv Johannes fleire plassar i sitt første brev.
Viser innlegg med etiketten Guds lov. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guds lov. Vis alle innlegg
søndag 11. mai 2014
søndag 26. januar 2014
Grunntankar i Romarbrevet XXIII. Kapittel 7,1-6
Guds lov er gyldig for alle verdas menneske til alle tider. Mange trur at det er mogeleg for menneska å halda dei ti boda, og at dersom me kjem så langt i moralsk og åndeleg utvikling at me lever opp til krava, vil Gud gløyma og tilgje alle tidlegare lovbrot. Men slik er det ikkje. Kvart einaste lovbrot krev si straff, sjølv om me er blitt aldri så lovlydige. Det inneber at det ikkje finst nokon som unngår domen. Me skal alle fram for Kristi domstol og få att for det me har gjort, og blir me kjent skuldige, er domen eit evig fengsel som Jesus kallar fortaping.
Er det ingen veg ut av knipa? Kan me koma oss unna lovas lange arm? Ja, me kan det. For å forklara: Nordmenn som døyr kan ikkje lenger stillast for norsk rett og dømmast etter norsk lov. Det seier seg sjølv. Men no er det også slik at det å bli kristen er også å døy. Gjennom tru og dåp, har me døydd bort frå den verda som me lever i, og frå den lova som Gud forkynte som gyldig for livet på jorda. Det er nemleg slik at Gud reknar ein kristen for å vera eit menneske som har sont straffa for alle sine synder, og som difor ikkje lenger er skuldig i noko som helst. Alt er betalt. Rett nok ikkje av den kristne sjølv, men av Kristus, men det er fullt ut tilstrekkeleg og OK for Gud. Paulus uttrykker det slik: Jesu død og oppstode vert gjort gjeldande for oss i dåpen. Gjennom det som skjer der blir me rett og slett vigsla til Guds frelsesverk i Jesus Kristus og rekna for å vera reine og rettferdige, himmelen verdige. Jesus har på krossen teke bort syndene våre slik at me ved trua kan bli reinsa for eit liv i Guds fellesskap.
Eit døypt truande menneske er tilhøyrer Jesus slik som ei brur tilhøyrer brudgomen sin. Lova kunne ikkje få oss til å elska Gud og nesten på rett vis. Men det kan Jesus Kristus. Han nåde og kjærleik fyller oss med Guds kjærleik. Lova kan få oss til å leva ærbart i det ytre, men kunne ikkje endra oss innvendig. Men det gjer Jesus. Han føder oss på nytt og fyller oss med lyst til det gode slik at me kan bera frukt for Gud.

Abonner på:
Innlegg (Atom)