mandag 28. juni 2021

Eksisterer normalitet i normkritikkens tid?

 Normalitet  kjem av ordet norm.

Ei norm er ein standard, og ein standard brukar me når me skal vurdera om noko held mål her i verda. Utan standardar er me heilt hjelpelause.

Lengda på ein meter har ein heilt spesiell definisjon, likeeins lengda på ein sekund.

På alle livsområder har me normeringar, standardar som gjer at me kan gjera gode og sikre mål, og ta rette val. Utan normer og standardar kan me ikkje tenkja objektivt, og me kan ikkje forstå kvarandre rett. Det er lett å forstå når det gjeld mål og vekt, men betydeleg vanskelegare når det gjeld moral.

Men det moralske har i det lange løp større betydning for liva våre enn det fysiske. Difor er det ikkje bra at dei moralske standardane som det ein gong var konsensus rundt ikkje lenger blir godkjende av dei som gjeld for å vera noko i dette landet.

I mange hundre år var dei ti boda i Bibelen normerande for nordmenn flest, og dei var retningsgjevande for lovgjevarane våre. Det var t.d. normalt å heidra foreldre, å halda kviledagen heilag, å gifta seg før ein hadde sex, ikkje lyga og stela osv. Desse boda vart sett på som faste og sikre punkt å orientera seg ut frå, og ei slags grunnlov for Grunnlova. Men slik er det ikkje lenger.

I dag blir Bibelen og dei ti boda utsett for utstrekt «normkritikk», som det heiter. Sjølv om det gjeld mange av boda, er det 6.bodet mest utsett, det bodet som seier at du ikkje skal bryta ekteskapet, og då meinest  ekteskapet som ei livslang pakt mellom èi kvinne og èin mann. Det er Guds samlivsstandard, og den einaste arenaen der han hadde tenkt at seksuallivet skulle levast ut.

Men når Guds eksistens blir problematisert, eller når hans meiningar ikkje lenger er relevante eller når nokre hevdar at Gud moderniserer seg og endrar meining i takt med trendsetjarane, ja då vert alle faste orienteringspunkt borte, og ingenting kan lenger karakteriserast som unormalt.

Men i vår tid er det ikkje berre Bibelen og dei ti boda som blir problematisert. Biologien skal heller ikkje lenger ha avgjerande vekt, og då tenkjer eg naturlegvis på dette som handlar om kjønn. Heilt fram til no har me tenkt at vitskapen er objektiv, og at kjønn er bestemt ut frå anatomi og genetikk.

Men priderørsla seier nei, slik er det ikkje. Kjønn er ein sosial konstruksjon og sit i hovudet og ikkje mellom beina. Men saka er jo den at kjønnet er definert i kvar einaste av eit menneske sine 37 billionar celler (dvs. 37 tusen milliardar celler), anten som XX-kromosom, eller som XY-kromosom. Det er faktisk ikkje noko å gjera med det. Det hjelper ikkje kva eit menneske føler at det er. Det finst noko objektivt i ein kvar einaste kropp som bestemmer kjønnet, og dette kan ikkje individet endra.

Likevel er det opplese og vedteke av regjering og storting at kjønn er noko flytande, og at det er opp til kvar enkelt å definera kjønnet sitt, og at  anatomien og genetikken ikkje skal ha vekt i denne saka. Og arme den som seier noko anna. Kva er problemet med dette? Jo, me er begynt å byggja lovverket vårt på løgner, og det ser merkeleg ut til at folk flest tilpassar seg dette. Mange stussar nok,  men finn det klokast å teia still, og særleg etter at Stortinget vedtok ei eiga diskrimineringslov i 2018 som skal sikra at denne måten å tenkja på skal fredast og ikkje bli utsett for kritikk, og den som kritiserer kan bli tiltalt og dømt for «hatsnakk».

Objektivitet er avgjerande viktig både i vitskap og moral. Utan dette kan me ikkje snakka om rett og gale, sant og usant. Men no har priderørsla parkert både moralske normer og objektiv sanning som reiskapar for tanken, og dei har fått regjeringar, små og store forretningsimperier, multinasjonale selskap, nasjonale idrettsforbund og FN med seg på laget. Det må ein kalla suksess.

Ingen kommentarer: