Viser innlegg med etiketten abortlov. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten abortlov. Vis alle innlegg

torsdag 4. april 2024

Pasientar utan livsrett

 Helseminister Ingvild Kjerkol har, ikkje overraskande, bestemt seg for å leggja fram forslag til ny abortlov for Stortinget. Her blir grensa for sjølvbestemt abort utvida til veke 18.

Det er å gå i feil retning. Det er behov for ei ny abortlov, ja, men då til ei lov som definerer at fosteret har rett til liv, og at samfunnet har plikt til å verna livet mot overgrep.

I Politisk kvarter (NRK) 4.april sa ministeren at alle slags fosterundersøkingar var av det gode, for då kan det bli avdekka sjukdomar som kan kurerast på fosterstadiet. Det betyr at fosteret skal ha pasientrettar, men ikkje livsrett. Det skal ha rett til å bli lækt, men ikkje rett til å overleva. Kor i all verda er logikken her då? Kjerkol seier, saman med eit kor av stemmer frå høgre og venstre, at kvinna er den som er best i stand til å avgjera om barnet skal få leva eller ikkje. Men det er ikkje eit spørsmål om kven som er best i stand til å ta ei slik avgjer, ei slik avgjer tek me rett og slett ikkje. Me tek ikkje livet av barn i dette landet. Barna må få livsrett, uansett kven mora er. Lat barna få leva, bli fødde, veksa opp, utdanna seg, gifta seg, få barn, stifta familiar, tena samfunnet og døy når tida er inne for det. Det skulle ikkje vera for mykja å venta seg det, skulle det vel?

mandag 4. januar 2021

Når døden blir feira i Buenos Aires gater

Eg trudde aldri eg skulle bli vitne til ei slik feiring som me før helga såg i Buenos Aires gater etter at argentinske kvinner vart sikra rett til fri abort fram til veke 14 i svangerskapet. Det gav meg ei  merkeleg kjensle. Går det an å feira retten til å ta livet av små barn på ein slik måte? Er ikkje denne saka av ein slik karakter at det hadde vore meir høveleg med ei ganske stillferdig markering? 

Men jublande kvinner gjev oss heldigvis ikkje heile bilete. Det var mange som gret også av fortviling og sorg, og det er nok den reaksjonen som best reflekterer alvoret i denne saka. 

Kvinnene feira nok retten til å kunna bestemma over sin eigen kropp, som det heiter. Men i røynda feira dei retten til å bestemma over liv eller død for barna sine kroppar. Ikkje noko mindre. Og det er lite å feira, for alle barn som er unnfanga fortener å få leva, og liva deira burde vore effektivt verna av lovverket. 

I Jesaja 28,15-18 står det at dei som gjer pakt med døden søkjer ly i løgn og gøymer seg bak svik. Dommen over desse skal fellast av "hovudhjørnesteinen" for det nye templet, som er Jesus. Han vil gjera rett til målesnor og rettferd til vektlodd. Hagl skal feia bort det ly som løgna gjev, og vatn skal oversvømma gøymeplassane. Pakta med døden skal opphevast og avtalen med dødsriket skal ikkje stå ved lag. Når flaumen kjem strøymande, skal dei som har vedteke desse lovene (og det gjeld i alle land), trakkast ned. 

Slike ord frå Bibelen skulle vera sterke nok for eitkvart parlament til å snu og oppheva abortlovenen sine før Herren grip inn. For det skal skje.