Bystyrerepresentant i Bergen for SV, Eira Garrido, går inn for å fjerna grensa for "sjølvbestemt" abort heilt. Kvinna skal kunna ha høve til å ta livet av barnet sitt heilt fram til fødselen.
At det kjem forslag om noko slikt frå SV, er i seg sjølv opprørande. Det er ille nok som det er i dag når grensa for abort går ved 12 veker. Likevel blir det klarare for oss at abort er mord jo nærare det skjer i tid før fødsel.
Regjeringa vil ha grensa ved 18 veker, og dette forslaget er i dag ute på høyring. Dersom SV landar på å gå inn for veke 37, aukar faren for at regjeringa, som er avhengig av SV i Stortinget, strekker "sjølvbestemminga" fram til veke 22. Eg vil ikkje her koma inn på korleis legane gjennomfører drap på slike barn. Det er ikkje vakkert.
Det er noko underleg med SV: Partiet stiller alltid opp for dei svake i samfunnet, og dei er heilt sikkert like glad i barn som alle andre. Men kvifor i all verda skal dei falla dei ufødde barna i ryggen? Det er naturstridig for alle, og ikkje minst for SV.
Sosialistane leitar alltid etter konfliktlinjer i samfunnet. Men det er ingen konflikt mellom mor og barn. Barnet sine interesser er også mora sine. Slik er naturen laga. Å få kvinner til å tenkja om barna sine at dei trugar interessene deira på ein eller annan måte, er berre tragisk, og heile denne greia er i ferd med å endra samfunnet radikalt. Og det som verre er: Det provoserer Gud. Det er ein betydeleg alvorsgrad over det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar