fredag 15. mars 2024

Evangelikale i USA, Thomas Seltzer og Israel

 I programmet Trygdekontoret 12.mars vart evangelikale kristne i USA skulda for å gjera tiltak for å framskunda slaget ved Armageddon, og med det Jesu atterkome. 

Eg har kjent evangelikale kristne frå USA gjennom mange år, og har aldri før møtt slike haldningar og ville idear. Gud treng ikkje hjelp av oss kristne for at profetiane i Bibelen blir oppfylte. Det er jo HAN som skal oppfylla dei, ikkje me. 

Eg kan heller ikkje tru at det er mange evangelikale i USA som tenkjer slik. Det kan eg ikkje dokumentera, men hadde det vore mange, ville eg nok ha fanga det opp, vil eg tru. 

At evangelikale kristne støttar Israel er bra. Det er ikkje så mange andre som gjer det, og Israel er ein demokratisk og fredselskande nasjon omringa av mektige fiendar, så dei treng støtte. Dei slost i dag mot terroristar, og alle anstendige land i verda burde stilla opp for dei i denne kampen. I staden skjer det motsette. Nesten alle støttar Hamasterroristane, og vender seg mot Israel. Det er eit merkeleg fenomen med tanke på at dei same landa har lova å nedkjempa terrorisme med alle lovlege midlar. Men konservative evangelikale kristne støttar Israel. Det er naturleg. Den frelse me nyt godt av kjem frå jødane. 

Evangelikale kristne i USA har ein rik historie. Dei har gjennom to hundre år hatt eit omfattande engasjement i naudhjelp og misjon. Slik også i dag. Ingen private brukar så mykje pengar på å hjelpa naudlidande i verda som dei konservativt evangelikale i USA, og det einaste NRK kan koma opp med i sin omtale av desse er at dei sender "store" summar (upresiserte beløp) til Israel for å framskunda Armageddon og Jesu atterkome. Dei som måtte ha slike idear er ikkje mange, men det er denne delen av den evangelikale rørsla som er interessant for NRK.  Kanskje det er på tide at kringkastingsselskapet lagar eit program der breidda i denne rørsla blir presentert, t.d. veldedighetsorganisasjonen Samaritan Purse som alltid er først inne i områder råka av naturkatastrofar (som dei jordskjelvråka i Tyrkia og Syria i 2023) med hjelp og trøyst, eller på Wycliffe bibeloversetjarar som driv med å oversetja Bibelen til minoritetsspråk, og som lærer små folkegrupper å lesa og skriva, noko som styresmaktene i dei ulike landa alltid har gjeve blaffen i, slik som tilfelle var i Noreg i høve til samane. Det var misjonæren Tomas von Westen som laga skriftspråk til desse, og Hans Egede til inuitane på Grønland. Den evangelikale rørsla i USA (og Noreg) har til dei grader vore kulturbevarande.

Men Thomas Tetzler er sikkert ikkje interessert i å framheva dei mainstream evangelikale i USA, baptistar og pinsevener, berre desse cowboykristne på motorsykkel som representerer ein minoritet. I det same programmet presterer han også å seia at det var "dei evangelikale" som storma kongressen 6. januar 2021. Det var sant å seia nytt for meg, og det vil forundra meg veldig om denne påstanden står seg mot ein faktasjekk. 

Men når det gjeld å framskunda Armageddon, kunne han ta ein kikk på Irans presteskap. For dei ventar nemleg også på ein messias: imam Mahdi. Men før han kan koma, må verda vera i flammar, og Irans politiske og åndelege leiarskap jobbar no målretta med å byggja opp så stor atomkapasitet at dei kan skapa det kaoset som skal til for at imam Mahdi skal dukka opp på den historiske arena.

Kan NRK laga eit program om denne proaktive esjatologien? 

 


Ingen kommentarer: