tirsdag 19. juli 2011

Bibelens under har beviskraft

Bibelen er ei mirakuløs bok. Ein bibel utan mirakler ville ikkje vore på mange sider. Han ville vel rett og slett ikkje eksistert.

Det startar på side 1 med forteljinga om då Gud skapte himmel og jord, og sluttar 1400 sider seinare med spådomen om at Gud ein dag skal omskapa heile universet.

På sidene i mellom kan me lesa om store doms og frelseshandlingar, om Gud som handla med nasjonar og enkeltpersonar, om riker som reiste seg og gjekk under, om hav som delte seg, om spedalske som vart reinsa, blinde som fekk synet sitt tilbake, lame som begynte å gå, mat som vart multiplisert , eld som fall ned frå himmelen, vatn som vart til vin og om døde som sto opp, berre for å nemna noko.

Både Det gamle og Det nye testamentet er fulle av forteljingar om Guds undergjerningar, men Jesu gjerningar vil alltid stå i ei særstilling. Han gjorde så mange under, skriv augnevitnet Johannes, at dersom alt skulle vorte skrive ned, ville ikkje ein gong heile verda romma alle dei bøker som då måtte skrivast.

Jesu undergjeringar er godt dokumenterte. Det var ingen i samtida som tvilte på dei. Motstandarane hans prøvde aldri å problematisera sjølve undera, men dei ville ha folk til å tru at det var djevelen som verka i han.

I dag er det mange som vil problematisera Jesu under. Men det er usakleg. Utan desse undergjerningane hadde me rett og slett ikkje hatt nokon kristendom. DET AT KRISTENDOMEN EKSISTERER, BEVISER JESU UNDER, OG DESSE OG ANDRE UNDER BEVISER AT GUD EKSISTERER.

Og folk flest som opplevde Jesus såg utan tvil på undera som bevis på sanninga i frelsesbodskapen, og dei opna seg for denne når dei var vitne til effekten av Guds kraft, og slik er det den dag i dag. Det kan også denne skribenten bevitna.

Av alle Guds under som Bibelen deler med oss står to i ei særstilling, men dei skal me koma attende til i dei neste skriveria.

Ingen kommentarer: