I 2. Korintarbrev 10,4 skriv Paulus
"For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus".
Kva er våre våpen? Guds ord og Guds Ande.
Kva er ein tankebygning? Det kan vera ulike religionar, eit ubibelsk teologisk grunnsyn, eit filosofisk system, ein politisk ideologi eller eit livssyn.
Dei store tankebygningane i vår tid er liberalismen, livssynshumanismen, kommunismen, ateismen, islam og ulike nyreligiøse retningar prega av buddhisme og hinduisme. Alle desse ideologiane har avsett Bibelens Gud som autoritet, og dei meiner seg å vera kristendomen overlegne.
Som truande kristne må me kjenna litt til alt dette for å kunna avsløra løgnene i det. Men mest av alt må me kjenna Guds ord slik at me alltid kan gje kraftfulle svar når me blir stilt til ansvar for trua vår, og slik at me kan vera effektive når me går laus på ideologiane som fangar folk og fører dei bort frå Gud.
Ingen tankebygning kan stå seg mot Gud og hans ord. Men kampen mot løgna er vår, og me må våga å gå inn i den. Då vil han vera med og gje oss all den visdom og kunnskap me treng for å avsløra
løgnene som folk byggjer liva sine på.
Viser innlegg med etiketten kommunisme.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kommunisme.. Vis alle innlegg
søndag 23. september 2018
mandag 23. mars 2009
SV går i udemokratisk retning.

På SV sitt landsmøte vart det vedteke å programfesta forbod mot religiøst grunngjevne privatskular. Dette stadfester det mange av oss har visst lenge: SV er eit antidemokratisk parti som framleis lever i sovjetkommunismens tidsalder. No er det vel eigentleg ikkje demokratiet dei vil til livs med dette vedtaket, men snarare religionen. Men dei antikristne haldningane gjer SV til eit udemokratisk parti. For i følgje Menneskerettsfråsenga og Europakonvensjonen har alle foreldre suveren rett til å velgja kva oppseding borna deira skal få. Og sidan skulen er ein oppsedingsinstitusjon, må dette bety at foreldra må ha rett til å velgja skule for borna sine og til å etablera eigne skular om dei finn det tenleg. Dei har til og med rett til å halda borna heime frå skulen og undervisa dei sjølve om dei ønskjer det. Denne demokratiske retten vil SV no frårøva norske foreldre og underleggja dei statleg tvang. Det gufsar fælt av dette. Ein kan spørja seg om kva straff dei foreldra skal få som held borna sine borte frå offentleg skule for å undervisa dei sjølve. Bøter? Fråteken omsorg? Fråteken foreldrerett? Var det forresten ikkje slik dei opererte i aust-Europa under kommunismen? Men det er vel i desse regima SV også har røtene sine.
Etiketter:
demokrati,
Europakonvensjonen,
kommunisme.,
menneskerettane,
SV
Abonner på:
Innlegg (Atom)