Viser innlegg med etiketten hinduisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hinduisme. Vis alle innlegg

søndag 23. september 2018

Tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud

I 2. Korintarbrev 10,4 skriv Paulus

"For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar  5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus".  

Kva er våre våpen? Guds ord og Guds Ande.

Kva er ein tankebygning? Det kan vera ulike religionar, eit ubibelsk teologisk grunnsyn, eit filosofisk system, ein politisk ideologi eller eit livssyn.

Dei store tankebygningane i vår tid er liberalismen, livssynshumanismen, kommunismen, ateismen, islam og ulike nyreligiøse retningar prega av buddhisme og hinduisme. Alle desse ideologiane har avsett Bibelens Gud som autoritet, og dei meiner seg å vera kristendomen overlegne.

Som truande kristne må me kjenna litt til alt dette for å kunna avsløra løgnene i det. Men mest av alt må me kjenna Guds ord slik at me alltid kan gje kraftfulle svar når me blir stilt til ansvar for trua vår, og slik at me kan vera effektive når me går laus på ideologiane som fangar folk og fører dei bort frå Gud.

Ingen tankebygning kan stå seg mot Gud og hans ord. Men kampen mot løgna er vår, og me må våga å gå inn i den. Då vil han vera med og gje oss all den visdom og kunnskap me treng for å avsløra
løgnene som folk byggjer liva sine på.

torsdag 11. januar 2018

Yoga - idrett eller religion?



Ingen bør driva med yoga utan å tenkja gjennom dei religiøse implikasjonane med denne treningsforma.

Opphaveleg er yoga ein frelseveg innan hinduismen og buddhismen. Frelse i desse religionane handlar ikkje om syndsforlating og evig liv slik som i kristendomen, men det å finna fram til den guddommelege energien, eller sjølve guddommen, i seg sjølv. Yoga er ikkje berre kroppsøving, men uttrykk for eit livssyn. 

No er eg sjølvsagt klar over at den yoga som blir praktisert i vesten ikkje er definert som religion. Men korkje buddhismen eller hinduismen er nemneverdig dogmatiske. Desse religionane er meir opptekne av praksis enn av teori, og kan femna det meste, også vår form for sekularisme. Dei øvingane som guruane i austerlanda tilrår (yoga og meditasjon), vil uansett over tid bestemma korleis eit menneske ser på livet, Gud, døden og det som kjem etterpå. 

I hinduismen er guden Shiva sjølve yogameisteren, og yoga blir i denne religionen sett på som Shivadyrking.

Ingen kristne bør driva på med dette. Eg er redd yoga bringer folk i kontakt med heidenske åndskrefter som fører dei bort frå Kristus.

Ingen treng yoga for å få guddommeleg energi. Den kristne Gud har meir enn nok å fylla på med. Det var Han som skapte himmel og jord, lyset og livet. Han er den som gjev den trøytte kraft, og den som ingen styrke har, gjev han stor styrke.
Og for den som vil halda kroppen i form, og det bør me vel alle gjera, finst det hundrevis av treningsformer utan religiøse over- eller undertonar.