torsdag 21. mai 2009

Endeleg heime


Me er komne til Kristi himmelfartsdag. Få frikyrkjer feirar denne. Heller ikkje me i Kristkyrkja. Det burde me vel helst ha gjort. For dette var den største dagen i Jesu liv, dagen han under heile sitt jordeliv såg fram til, dagen då han skulle sameinast med Far sin som han elska over alt. Tenk for ein fest det vart i Guds himmel då Jesus kom tilbake. Det var som tusen julekveldar. Englane hadde gledd seg til dette heilt sidan Jesus steig ned på jorda. Lydig og viljug hadde Jesus gjort opp for syndene våre, og no kunne han reisa heim i triumf. For ein dag det var for han og alle himmelske skapningar. Han seier sjølv at englane feirar stort når ein syndar vender om til Gud. Kva måtte det vel då bli når sjølve frelsaren kom heim? Det må ha vore fantastisk for dei.

Har denne dagen så noko meining for oss? Ja, avgjort. 1) Jesus er no vår talsmann hos Faderen, ei soning for våre synder, skriv Johannes i sitt første brev. Han er i sin eigen person mi og di frelse. Heile vår framtid er forankra i Kristus himmelen. Det er viktig at du fattar dette, for her har du ei god hjelp mot mang ei anfekting. Djevelen kan lett vippa deg og meg av pinnen, men han kan aldri få gjort noko med Jesus, og di og mi frelse er forvart i han og ikkje i oss sjølve. 2) Jesus ber for oss. Dersom me hadde fortsått verdien av Jesu bøneliv, ville me ha blitt forundra. For saka er den at hadde det ikkje vore for hans bøner, ville kyrkja for lengst vore historie. 3) Han er no innsett som konge over kongane og Herren over herrane, og alle med styringsansvar gjer rett og lurt i å bøya seg for han og prisa han som står over alle, og som alle skal stå til ansvar for, frå mødre og fedre til presidentar og statsministrar.

Som kyrkje er det vår business å hevda Jesu herredøme. Me skal kalla folk og folkeslag til tru og etterfylging. Det er ikkje ei oppfordring, dei fleste kristne ser ut til å tru det, og då let dei oppfordringa liggja, det det er ei befaling gjeven av kong Jesus. Det verkar for meg som om me som kristne treng ei heilt ny forståing av dette. Må Den Heilage Ande koma over oss og gje oss den rette forståing av kven Jesus er og kva han har befalt oss å gjera.

Ingen kommentarer: