torsdag 7. mai 2009

Gud i aksjon mellom flyktningar

Ei ung kurdisk kvinne spurde meg her om dagen: "Kan du snakka med mor til......Den siste tida har eg prata med henne om Jesus. I starten var ho avvisande. Men så har ho møtt Jesus i to draumar, og han sa til henne at ho skulle ta kontakt med pastor Jens for å få svar på spørsmåla sine."
Slike ting blir meir og meir vanleg å oppleva mellom muslimske flyktningar. Gud talar til dei gjennom draumar, og når det skjer, vekkjer det interesse for evangeliet hos dei. Jesus vert i høgste grad eit aktuelt alternativ. Ikkje så å forstå at dei tvert vert kristne, men dei vil gjerne læra meir om Jesus, kven han er og kva han har å gje.
To gongar har eg vore på besøk hos kvinna no. Ho fortalde meg i detalj om draumane sine, og ho har no fått eit nytestamente på sitt eige språk. Andletet hennar lyste opp då ho begynte å lesa. Dette var nytt for henne. Muslimane sin Allah kan jo berre snakka arabisk. Men vår Gud kan uttrykka seg på alle språk. Augo hennar stråla då ho sto der med boka i handa og las.
Ved mitt siste besøk (i går kveld) var dei to sønene hennar også heime. Dei er i tenåra, og på veg til å bli høgreiste flotte unge menn. Me kosa oss saman over ein kopp te, og mora fortalde dei om kvifor dei hadde ein gjest. Då ville dei gjerne høyra kva eg hadde å fortelja dei, og det synte seg at døra inn til hjarto deira var vidopen. Dei hadde aldri før høyrt slike ting som dette. Dei visste litt om Jesus, men ikkje at han kunne hjelpa dei mot Guds dom. Ikkje ein gong Muhammed hadde vilja påta seg ei slik rolle då han ein gong fekk spørsmålet om saka frå ein nevø.
Dei ville gjerne sleppa Jesus inn i hjarto sine med ein gong. Men me vart samde om at dei først skal sjå Jesusfilmen, lesa saman i Jesusboka, og bestemma seg når dei har fått tenkt seg skikkeleg om.
Kvifor deler eg dette med dykk? Fordi eg vil at me som kristne skal sjå Guds finger og plan i dei folkeforflytningane som skjer i denne tida. Han sender mennesker til oss frå muslimske land for å tala til dei gjennom oss som kjenner Han. Me (Kristkyrkja på Stord) har dei siste åra invistert mykje tid og ressursar i å arbeida med flyktningar, og har fått døypt 9 av dei, og av dei var 6 muslimar.
Det byr både på gleder og sorger å ha med desse menneska å gjera, mange er treumatiserte og dessutan har norske utlendingsstyresmakter ein lei tendens til å leggja steinar til børene deira. Men Gud har ein agenda med dei, og den er det fantastisk kjekt å få vera med å fremja.
Det er sikkert eit asylmottak ikkje så langt frå der du bur.....

Ingen kommentarer: