onsdag 6. mai 2009

Gud og samfunnet

Det må vera ytterst problemfylt for ein kristen å stenga Gud ute frå politikken. Kvar søndag sannar me at me trur på Gud Fader, den allmektige som skapte himmel og jord. Men ved å ikkje blanda kristendom og politikk, går ein rett og slett imot Guds allmakt. Men Gud sjølv krev faktisk all makt i våre personlege liv, i kyrkja, i samfunnslivet og dermed i politikken. At ikkje-kristne vil utfordra han på dette, skal me ikkje undra oss over. Men eg undrar meg over at kristne politikarar også stenger Gud ute. Når dei ikkje vil gje han autoritet, kan dei heller ikkje rekna med hans hjelp. Og den kunne dei ha trengt.

Bak all politikk ligg tru, etikk og filosofi. Ein kristen og ein hindu tenkjer totalt ulikt om samfunnsstyringa fordi den filosofiske overbygninga deira er totalt ulik. Difor er det heilt hovudlaust når Inger Lise Hansen seier at Kristeleg Folkeparti må skilja kristendom og politikk. Det som då skjer er at ho vel seg ein ny filosofisk overbygning for politikken sin, og det ho landar på vert truleg ein liberal humanisme som alltid tek utgangspunkt i kva menneske føler er rett for seg når ein skal vurdera kva som er rett og galt. Og slike tankar endar jo alltid i personlege tragediar: Du tek abort fordi du føler det er rett for deg i din livssituasjon, eller du av ein eller annan grunn vel å forlata ektefelle og barn fordi dei på ein eller annan måte "står i vegen" deg og dine personlege framtidsplanar/draumar.

For ein kristen må det å æra Gud i alt ein held på med vera det sentrale, og ein kristen politikar kan ikkje æra Gud på nokon annan måte enn å la hans ord gjelda for den politikken ein ynskjer å følgja. Det må føra til ein heilhjarta kamp for det ufødde livet, for ekteskapet mellom kvinne og mann, for familien, for enkjer og farlause, for fattige og flyktningar og heimlause, for menneskerettane, og samstundes ein like heilhjarta kamp mot fosterdrap, homoseksuelle samlivsformer, hjarteløyse og all undertrykking av forsvarslause menneske. Og alt dette er vel grunngjeve i Bibelen. Dette ligg vår Gud på hjarta.

Ingen kommentarer: