torsdag 9. mai 2024

Juss mot pornografi

Delstaten Alabama USA innfører frå 1.oktober ei lov som set aldersgrense for å kunna konsumera pornografi på nettet. Alle som skal inn på slike sider må då identifisera seg. Dette melder nettstaden lifesitenews.com.

Målet er ikkje berre å verna barn og unge frå alle dei skadeverknaden som pornografi har på den psykiske helsa deira, men heile samfunnet mot dette.

·       Den nye lova krev av nettsider som distribuerer slikt innhald om å registrera seg, verifisera alderen på brukarane sine og merka innhaldet som skadeleg. Ein tekst skal pryda skjermen som  seier at innhaldet hindrar utviklinga av hjernen hos barn og unge, fører til avhengigheit, låg sjølvtillit, forvrengt kroppsbilete og kan føra til eteforstyrringar og mentale sjukdomar.

Bakgrunnen for vedtaket er naturlegvis at ein har sett ei oppblomstring av dei nemnde skadeverknadane hos barn og unge etter at internett gjorde tilgangen til pornografi enkel. Det blir kalla ei helsekrise.

I Utah og Virginia er slike lover alt sett i kraft, og Florida arbeider med å få det til.

I ein rapport presentert i The Journal of Nervous and Mental Disease blir det synt til klare funn av stress, angst og depresjon hos barn og unge som sterkt vert relatert til konsum av pornografisk innhald. Det vert også påvist forstyrringar i utvikling av sunne og varige sosiale relasjonar samt til fleire tilfelle av kjønnsinkongruens. Forfattarane av rapporten ottast at dei unge som vert råka kan dra problema med seg vidare i livet, og at me om nokre år står overfor eit omfattande helseproblem også hos vaksne.

Her i landet vart det registrert ein eksplosiv auke av søk på pornografiske nettsider under koronapandemien då skulane var stengde ned, og elevane sat mykje heime.  Det er vel grunn til å tru at stoda i Noreg er ganske lik den i USA, og at nokre av dei nye helseproblema me ser veks fram mellom barn og unge i dag skuldast høgt konsum av pornografi, og på nettstaden Terapivakt, blir fenomenet omtala slik: 

Pornoavehngighet påvirker mange av de eksterne faktorene i livet, som familie, nære relasjoner, arbeidsliv, økonomi og lignende. I tillegg kan det gå ut over sin egen psykiske og fysiske helse. Ved overdreven bruk av pornografi glemmer man ofte tiden, og man glemmer å ta vare på seg selv.

I tillegg peikar nettstaden på skam, isolasjon, tomheitskjensle, lågt sjølvbilete, løgnaktig livsstil og samlivsbrot, og at den det gjeld får ei kjensle av å mista seg sjølv.

Dersom det er mogeleg å hindra at barn og unge får tilgang til pornografisk innhald på nett, og det ser det altså ut til å vera, bør saka opp på den politiske dagsorden også her heime. Difor vil eg utfordra dei politiske partia i Noreg om å ta initiativ for å innføra tiltak som skjermar barn og unge mot slikt skadeleg innhald, og søka hjelp hos amerikanarane for å læra korleis dette kan gjerast i praksis.

Ingen kommentarer: