lørdag 12. mai 2012

Guds 4 hjartesaker

Den første av Guds hjartesaker er menneske.
Han vil at alle menneske skal bli frelst og læra sanninga å kjenna.
Han elskar rett og slett verda, dvs menneska som er i verda, ja han elska dei til døden.
Denne kjærleiken ligg også bak misjonsbefalinga: "Eg har fått all makt i himmel og på jord! Gå difor ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar...."
Fordi han elskar menneska, hatar han vald, både mot fødde og ufødde menneske.
Den største uretten som me nokon gong har sett i historien går føre seg i dag og heiter abortus provocatus. Det er ein svært ujamn krig mellom vaksne og barn der resultatet er gjeve på førehand.
Denne grove uretten må menneska stå til ansvar for innfor Gud. Det blir eit tungt oppgjer. Utøyarettssaka vert ein bagatell i høve til den som ein dag vil koma. 

Den andre av Guds hjartesaker er ekteskapet. Det var Gud som etablerte ekteskapet som ei livslang pakt  mellom èin mann og èi kvinne. Når vestens menneske no omdefinerer det til også å gjelda homofile, lyser dei krig mot Gud. Det vil straffa seg.

Fordi ekteskapet er Guds oppfinning, prøver djevelen å øydeleggja både institusjonen og det enkelte ekteskap. Det fører til problem mellom ektefeller, skilsmisse og oppløysing av institusjonen. 

Den tredje av Guds hjartesaker er kyrkjelyden. Gud elskar fellesskap, og han uttrykker seg gjennom det. Alt han gjer i verda, gjer han gjennom kyrkjelyden. Når den fungerer, møter folk Gud og blir frelst. Av den grunn er kyrkjelyden alltid under åtak frå djevelen som har som mål å utradera så mange som mogeleg, anten gjennom indre splid, vranglære, verdslegdom eller forfølging.

Den fjerde av Guds hjartesaker er Israel og jødefolket. Han valde dei ut i gamal tid for å vera hans openberringsfolk, og han har ikkje gløymt sitt kall og sine nådegåver til dette folket, og den dagen dei vender om til Jesus, vil det bli til frelse for heile verda. Då kjem det ei stor verdsvekkjing, den siste før Jesus kjem att i herlegdom. Difor er Israel som nasjon og jødane som folk stadig skyteskive for åtak frå mange hald. Nasjonane er styrte av "denne verdas fyrste". Utan at dei er klår over det vert dei bedregne av djevelen til å hata og gå imot Israel.

Det som er Guds hjartesaker, skal også vera våre. Eg vil vera med å slost for menneske, ekteskapet, kyrkjelyden og Israel så lenge eg lever.

Ingen kommentarer: