fredag 29. september 2023

Kristent leiarskap del 1

 Bibelen legg umåteleg stor vekt på verdien av godt leiarskap. Leiarane i kyrkja står som ein vegg mot dei vonde åndsmaktene for å verna dei truande mot dødbringande demoniske åtak. Ingen treng forbøn som dei. Dersom denne muren sprikk opp, opplever medlemmene i kyrkja tunge åtak av tvil, freistingar og mismot. Det ser me dessverre meir enn nok av i vår tid. For å bøta på feil, må me alltid attende til Bibelen og bli kalibrert på det som Gud har openberra gjennom apostlar og profetar. Og skal me finna ein god modell for åndeleg leiarskap i kyrkja, må me studera pastoralebreva: Paulus sitt 1. og 2. brev Timoteus og Titus brev. Kva ser me der?

Jo at kyrkjelydane vart styrte av eldste og diakonar. Det er ingen grunn til å tru at andre modellar for kyrkjeleiing er betre enn denne. Dei eldste var "hyrdar" for flokkane, og hadde ansvaret for undervisning og rettleiing. Dei vart på gresk kalla presbytos (eldste) eller episkopos (tilsynsmann), og desse omgrepa vart brukt om einannan (kyrkjemøter, prostar, kapellanar og andre snodige nemningar finn me ingenting av i Bibelen). Diakonane hadde hovudansvaret for hjelpetenester og økonomi, men var også gjerne ivrige forkynnarar, som Stefanus. Både eldstebrørne og diakonane vart ordinerte til teneste meir ut frå etiske parameter enn karismatiske. Etter det eg kan forstå sto dei i teneste på ubestemt tid, helst på livstid. Slik representerte dei ein kontinuitet i dei truande sine liv. Me ser i Bibelen aldri teikn til eit presteskap som i GT der presten er ein mellommann mellom Gud og kyrkjelyden (som i den katolske kyrkja), eller superpastorar som høyrer frå Gud for alle dei andre. Nei, det er tydeleg at leiarskapet skulle vera kollektivt, noko Jesus også må ha meint sidan han peika ut 12 apostlar med lik status til å leida den første kyrkjelyden i Jerusalem. At Peter var ein talsperson for dei alle, endra ikkje noko på dette. Eg meiner difor at det vil vera godt om alle kristne samfunn eller fellesskap går attende til Bibelens modell for leiarskap, og at kvar lokal kyrkjelyd styrer seg sjølv og kallar sine eigne leiarar (eldste og diakonar) utan tvang frå overordna organ.

Ingen kommentarer: