mandag 15. september 2008

Børsras og evangeliet



Eg har lite greie på finansspørsmål, og har gjennom tidene interessert meg lite for slikt. Men så pass skjønar eg at når verdien på aksjar og obligasjonar stuper, så er det fordi dei over lenger tid har vore prisa alt for høgt. Det er som om børsane rundt omkring i verda har levd sitt eige liv, og at realverdiane i selskapa har vore langt lågare enn det kursen på verdipapira skulle tilsei. Aksjemeglarane har bygd luftslott og tent ufattelege beløp på det. Men no ser bobla ut til å sprikka, og brått kan bilete bli snudd på hovudet: selskap som såg ut til å veksa inn i himmelen, kollapsar og går dundrande konkurs.

Kvifor skjer dette oftare og oftare? Aksjehandelen vert driven fram i hovudsak av to primitive krefter: grådighet og frykt. Fordi så mange vil tena raske pengar, utviklar det seg eit psykologisk spel på aksjemarknaden. Når kursane stig raskt pga stor forventning om høg forteneste, vil til slutt ikkje verdipapira spegla realitetane. Det ser ut til at aksjemarknaden misser kontakten med den verkelege verda. Men når marknaden så vaknar og ser at verdipapira har ein fiktivt høg kurs, då vil mange i frykt for tap kvitta seg med dei, og då rasar kursen, og selskapa kan bli for lågt prisa. Apostelen Paulus skriv "trongen etter pengar er ei rot til alt vondt." Det slår aldri feil. Dette er jo ein sikkert alt for enkel analyse. Men ikkje heilt på jorde heller, vil eg tru. Og tenk litt på dette at verdas økonomi kviler på krefter som grådighet og frykt. Det er ikkje eit særleg godt fundament.
Kapitalismen i rein form har sine klåre veikskapar. Skal eit slikt system fungera på sikt, må kapitaleigarar vera etisk medvitne og sjå på seg sjølve som kapitalforvaltarar meir enn som eigarar, og så må dei vera nøysame og gavmilde og ikkje grådige. Då vil Gud velsigna økonomisk.

Men midt oppi alt det usikre, er det eitt verdipapir som alltid har validitet, og det er evangeliet. Når Herren Jesus svart på kvitt seier til oss truande døypte menneske at syndene våre er tilgjevne for hans eiga skuld, er det ei fråsegn som er knytt saman med realverdien av hans liv, død og oppstode. Det er godt å vita og rekna med når verda vert skaka av orkanar i naturen og i finansverda. Og det vil ikkje bli mindre av slikt, heller meir.




Ingen kommentarer: