mandag 29. september 2008

USA i fritt fall

Den amerikanske regjeringa ville gå inn med frisk kapital i bankvesenet og kjøpa verdilause rotne bustadlån for 700 millionar dollar. Men kongressen sa nei, og aksjekursane på Wall Street søkk som stein. I dag har forresten Oslo børs hatt det største kursfallet på 17 år, og fleire store bankar i Europa er i dag blitt kjøpte opp av dei statane som dei høyrer heime i. Finanskrisa skyller no inn over Europa, og alt tyder på at dette kjem til å bli langvarige greier. Her vil bankar og bedriftar gå konkurs over ein låg sko. Det står tydlegvis ikkje til å berga.


Korleis skal me tolka det som no skjer? Det er som Bibelen seier eit resultat av lang tids grådighet. Grådigheten er ei rot til alt vondt, skriv Paulus. Eg høyrde på ein finansmann som heiter Grytten i dag. Han er vanlegvis optimistisk. Men ikkje no lenger. Han meiner no at krisa er uunngåeleg. Han brydde seg ikkje så mykje om det som hende på børsen. Det er bankane som er viktige, sa han. Både bedriftene og folk flest er avhengige av bankane, og dei har lånt ut alt for mykje pengar utan tryggleik, og vil stå i fare for å måtte fusjonera, gå over ende eller bli kjøpt opp av staten.


Mange sverger til marknadsøkonomien. Skal den fungera må forretningsfolk og økonomar ha høg integritet og moral. Dersom dei berre er opptekne av kortsiktige gevinstar, er marknadsøkonomien den reine ruin. Det er blitt tydeleg no.


Så må me spørja: Korleis er Guds økonomiske filosofi? Den handlar om å stola på Gud, tenka kreativt, tora å investera i dårlege tider, jobba flittig, vera sparsam og ærleg, ha eit lågt forbruk og vera raus med å gje og låna ut til andre utan vederlag. Det er ein livsstil med økonomisk og økologisk berekraft. Kanskje denne filosofien vil bli etterspurd no? Under finn du ein modell for kristen økonomisk tenkning som verkar sunn på meg. Den viser at me må ta omsyn til naturressursar, dei menneskelege ressursane, økologien og moralen når me skal tena pengar på ein sunn måte.


2 kommentarer:

Berit sa...

Kjempeinteressant! Skjønte ikke helt figuren, men tankene høres ut som Guds!

Jens Thoresen sa...

Så spennande at det er nokon der ute som giddar å lesa bloggen min. Det inspirerer. Takk for det, Berit. Forstår det slik at du er lærar du også, og at me har nokre samanfallande interesser, i alle fall på litteratursida.

Jens