torsdag 7. mai 2015

Grunntankar i Romarbrevet. Leksjon XXXVIII. Kapittel 12,1-2

Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.

Desse to versa innleider den formanande delen av Romarbrevet. Frå no av handlar det om korleis kristenlivet skal levast.
Jesus sa i si tid at det å vera ein kristen var å ta krossen sin opp og følgja han, I dette ligg det å leva eit sjølvoppofrande liv. Det å setja eigne behov og interesse til sides for å tena Gud og nesten. Det er akkurat det same Paulus skriv her med litt andre ord. 
Når israelittane la eit dyr på altaret, vart dette brent med himmelsk eld. 
Når me stiller liva våre heilt og fullt til Guds disposisjon, tenner han oss med sin eld, slik som læresveinane opplevde det den 1.pinsedagen. Då brant sjølvlivet opp, og Gud og hans kraft fekk rom i liva deira. Det forandra alt. 
Når me gjev alt til Gud, blir det pinse i liva våre. Gud og hans kraft kjem til uttrykk i liva våre som aldri før. 
Å overgje seg til Gud er ein dagleg syssel. Apostelen kallar det for vår "åndelege gudsteneste", noko som me føretek oss kvar dag. 
Guds verdiar er heilt annleis enn det som folk flest ser på som stort og viktig. 
For folk flest er det viktig å ha det trygt og godt, ha primærbehova dekka, og i tillegg kjem dette å godt med pengar og å realisera seg sjølv med alt som ligg i det. 
I Guds rike handlar det om å fornekta seg sjølv og realisera Guds og nestens interesser. Som kristne lærer me å elska Gud over alle ting og nesten som oss sjølve. Det er ganske andre verdiar enn dei som gjeld i verda. Når Paulus her formanar oss til ikkje å innretta oss etter denne verda, så betyr det å ikkje innretta seg etter dei verdiane som gjeld for folk flest, men dei som Gud har gjort gyldige for oss. Kva skjer med oss då? Me får god dømekraft. Når me lyder Gud, lærer me å skilja mellom godt og vondt. Og det var jo i si tid akkurat formålet med kunnskapens tre, det skulle gje Adam og Eva god dømekraft ved å lyda Gud, og ikkje som slangen antyda at denne evnen skulle koma gjennom ulydnad. Men det er ei anna soge.

Ingen kommentarer: