lørdag 30. juni 2018

Kristent leiarskap IV. Elskar du meg?

Den fremste kvalifikasjonen for ein kristen leiar er at han/ho elskar Jesus.
Samtalen som Jesus og Peter hadde ved Genesaretsjøen etter oppstoda var i røynda ein "ordinasjonssamtale". Langfredag hadde Peter svikta Jesus grovt, og det var ikkje underleg om resten av disippelflokken lurte på om dei i framtida kunne stola på Peter, om han hadde det som skulle til for å vera ein leiar for flokken.

Men ein fallen leiar er ikkje ein avsett leiar. Heldigvis. Men Peter trong å bli fornya i kallet, og dei andre måtte vita at Peter hadde Jesus i ryggen. Det var bakgrunnen for denne underlege samtalen dei to i mellom på stranda ved Genesaretsjøen, kanskje på same plass det Peter møtte Jesus første gongen og vart kalla til å fiska menneske saman med han.

Tre gonger fekk Peter spørsmålet om han elska Jesus, og for kvar gong Peter svara bekreftande på det, fekk han eit hyrdeoppdrag: "Fø lamma mine", "Vakta sauene mine" og "Fø sauene mine".

Jesus er nydeleg. Han brydde seg om Peter og gav han ein ny sjanse. Peter må ha blitt sjeleglad, og oppfatta det som ei stor og ufortent gåve. Eg trur han må ha gått med ei uggen kjensle av at alt det han hadde vona på for sin eigen del, var slutt, at det var andre som måtte ta Jesu verk vidare. Han hadde synt seg inkompetent.

Men akkurat denne audmjuke sjølverkjenninga vart redninga for han. Det er slik Gud opererer, han gjev dei audmjuke nåde, ikkje berre i form av tilgjeving og frelse, men i form av ny tillit.

Peter elska Jesus. Kvifor det? Fordi han hadde fått så mykje tilgjeve. Der synda var stor, vart nåden enno større.

Kristne leiarar må ta vare på kjærleiken til Jesus, eller kan dei ikkje leia menneske som Jesus elskar. Då må dei flittig sanna syndene sine, for den som får mykje tilgjeve, elskar mykje. Den som får lite tilgjeve, elskar lite.


Ingen kommentarer: