lørdag 7. mars 2009

Rekristning av Noreg

Same korleis ein ser på det: Noreg vart samla til eitt rike samstundes som kristendomen vart innført i landet. Trua på Kristus var sjølve limen som meir og meir kom til å halda denne nasjonen saman. Det er ikkje langt i frå at me kan seia at Noreg er eit produkt av kristendomen. Då er det rimeleg spesielt at kristendomen no meir og meir vert fasa ut av staten. Det vil ganske sikkert føra til kostbare oppløysingstendensar i samfunnet. Og det ser me skjer på familieplan, i moralen og i lovverket.

Det var ein heller maktpolitisk kristendomsform som vart lansert i Noreg. Trua vart påtvinga folk, og slik sett var dette ikkje i Jesu ånd. Alt hende feil veg hos oss. Kristendomen vart påtvinga folk ovanfrå. Det ideelle er derimot at kristendomen veks fram som ei grasrotrørsle, og på den måten pregar samfunnet meir og meir når det gjeld mentalitet og lovgjeving. Men hos oss begynte det med staten, og det tok heller lang tid før folket var med på notane. Det skjedde vel først då dei store folkevekkjingane kom på 1800-talet.

Men Adam var vel kanskje ikkje så lenge i Paradis, og no er landet avkristna og treng rekristning. Då må det skje nedanfrå og opp. Jesus sa til læresveinane sine i Bergpreika: ”De er verdas ljos. Ingen tenner eit ljos og set det under ei skål, men i staken, slik at det kan lysa for menneska. Slik skal de la dei gode gjerningane dykkar lysa for menneska, slik at menneska kan prisa Far dykkar i himmelen.” Vidare sa han: ”De er saltet på jorda. Men dersom saltet misser krafta si, kva skal det så saltast med? De duger ikkje til noko anna enn å bli kasta utanfor og bli trakka ned av menneska!”

Det er berre Jesu læresveinar som kan rekristna Noreg. Det må bli ei folkerørsle som startar i kyrkjelyden og spreier seg utover som ljoset frå ei lampe eller som salt i mat. Me må som kristne i denne tida dedikera liva våre til å oppfylla misjonspåbodet, og ikkje til noko anna. Og dette må me gjera i lag. Guds kjærleik er ei kraft som går frå hjarta til hjarta, ved gode gjerningar, underfulle gjeringar og gjennom Guds ord som me er kalla til å dela med alle.

Alle kristne må i denne tida sjå på seg sjølv som ein ambassadørar og utsendingar for Kristus. Gud elskar Noreg og nordmenn, og no vil han læra nordmennene å elska seg. Då må me som kjenner han vera fylte av han slik at folk kan møta den sanne Gud i oss.

Ingen kommentarer: