torsdag 19. februar 2009

Saman i bøn for byen

På Stord har det i laupet av dei siste åra vakse fram ein ny einskap mellom mange av kyrkjelydane. Særleg har dette skjedd på leiarnivå, me har jamleg vore samla kvar andre veke for samtalar og bøn, og talet på møter me har hatt saman som forsamlingar har også auka kraftig på. Dette er utruleg spanande, og me kjenner me er i starten av noko heilt nytt, i alle høve her på Stord. Me føler det slik at me legg stein på stein til eit nytt byggverk, og me er spente på kor Gud vil ta dette. Til hausten startar fleire forsamlingar t.d. med felles konfirmantarbeid. Dette skal vera eit alternativ som tek dei unge noko djupare inn i Bibelen enn det vanlege opplegget frå DNK, samstundes som det skal vera sosial så det held.

I går var kyrkjelydane samla til bøn i Fredheim, lokala til Den Frie Evangeliske Forsamling. Kjell Arve Tolaas, som er forstandar i den leiren, leia samlinga på den lune og friske måten som er hans varemerke. Desse bønemøtene er veldig godt planlagt, men det er likevel rom for det spontane. Me ber i hovudsak ber for Stord, for kristenfolket og folket elles, og bøneemnene kjem etter tur opp på veggen. Ingen treng lura på kva dei skal be om. Me ber individuelt, i plenum og i grupper, og innimellom samlar me oss i ein lovsong til Jesus.


Møtet i går kveld gjekk som ein røyk. Folk sto på, og me visste ikkje ordet av det før halvannan time var gått.


Me har tru på einig bøn. Jesus seier noko så som dette: "Det to eller tre av dykk vert samde om å be om skal bli gjeve dykk av Far min i himmelen."


Å oppnå splitting i Kristi lekam er veldig enkelt. Det er knytt til vondskapens tyngdekraft. Men å sameina og byggja opp, tek tid. Det er sanneleg ein eigen kunstart som krev både tid, omtanke, nytenking og hardt arbeid. Men det idiotiske er jo at me har ein tendens til å gje størst ære dei dei som fortener det minst: splittarane.


Grensene mellom oss er med respekt å melda definerte i historien av brør som for lengst er døde. Ingen av oss er forplikta til å følgja desse i alle ting. Me skal følgja dei så langt dei følgde Kristus, og så langt som det er tenleg for evangeliets framgang, men heller ikkje lenger. Eg er ikkje så sikker på at alle grensene dei drog opp var motivert i Kristi ånd. Men okke som: tidene endrar seg, medan me held oppe ein tankegang og eit kyrkjelydsmønster som høyrer heime i ei fjern fortid, og som eit stykke på veg kunne fylla krava for den gamle tida. Men Gud veit, og me bør vita, at nye utfordringar krev nye løysingar. Det me står andsynes i vår tid vil fordra at alle Guds barn samlar seg, brukar tid på kvarandre, byggjer tillit, ber saman om, tenkjer saman og etter kvart ryddar opp i teologien der det er nødvendig. Me kan ikkje i lengda godta at alt er sementert heller på det teologiske området. Kvifor skulle me det?
At einskap mellom Guds barn er nøkkelen til frelse for folket er heva over all tvil. Difor har me all mogeleg grunn til å halda fram med dette viktige arbeidet.

Ingen kommentarer: