mandag 9. februar 2009

Tid for å tilbe

"Herren din Gud skal du tilbe, og han åleine skal du tena," seier Jesus i Matteus 4 då han vart freista av djevelen.

Det er tid for å tilbe Gud. Han fortener det. Kva er det å tilbe? Det er med ord og liv å syna at me elskar og beundrar Gud.

Thomas tilbad Jesus og sa: "Min Herre og min Gud!" Møtet med Jesus vart så overveldande og personleg for han.

Dagleg møter me den oppstadne Jesus og kan falla ned for han og sanna: "Min Herre og min Gud!" For det er det han er. Ikkje noko mindre.

Me er opptekne av mange ting. Vil gjerne bli ferdige både med det eine og det andre. Men Herren kallar oss i denne tida til å leggja syslane våre til side for å tilbe han som er Fader, Son og Ande, han som har skapt oss, frelst oss og helga oss. Sjølvsagt kan me ikkje leggja alle syslar til side heile tida. Men 5 minuttar no og 5 minuttar då kan me gjera det og berre tilbe Gud.

Når me tilber, handlar det ikkje om oss, men om Gud åleine. Då kan du tilbe stille, du kan tilbe fritt med ord frå ditt eige hjarta eller du kan tilbe med ord frå Bibelen, eller frå bøner skrivne av andre som har sett inn i Guds hjarta og vesen. Ei slik enkel bøn har eg lagt ut på bønebloggen min i dag.

"Dei som tilber Gud skal tilbe i ånd og sanning, for slike tilbedarar er det Faderen vil ha," sa Jesus til den samaritanske kvinna. Tilbedinga må altså springa ut frå eit åndsdøypt hjarta og eit ærleg liv.

Når du tilber Gud er du midt i Guds plan for livet ditt. Er ikkje det stort å tenkja på. Mange ærlege kristne kjempar med spørsmålet om kva som er Guds plan og vilje. Her har du svaret. Du kjem aldri noko nærare.

I denne tida som er prega av mørke krefter og tendensar, trengst det eit folk som lever i Guds ljos, eit folk som står framfor hans åsyn og tilber han, ofte og nokon gongar lenge. Då vert me ei veldig motkraft til det vonde. Lukke til med tenesta.

Ingen kommentarer: