tirsdag 10. februar 2009

"I god tro"

Eg hadde ein nyttig tur til Oslo i dag. Lærte mangt om situasjonen til kristne asylsøkjarar (inkludert konvertittar). I all hovudsak kom seminaret til å handla om situasjonen til alle iranarane som kjem til Noreg. Mange flyktar fordi dei er kristne, og andre blir då kristne i Noreg. Det å konvertera etter at du er komen til landet har ikkje vore anerkjent som asylgrunn. Men det er det etter konvensjonane som Noreg har ratifisert. Når det skjer endringar i heimlandet (t.d. endring i lovgjevinga) eller med flyktningen der han er (t.d. ved at han konverterer), skal dette ha stor vekt når behov for vern vert vurdert.

Det var mange kyrkjelydsleiarar på seminaret som fortalde at dei slost for iranske flyktningar. Det er vekkjing i det iranske miljøet i Oslo. Gud har ein eigen agenda med dette folket som norske styresmakter ikkje fangar opp. Dei trur at reorienteringa deira er taktisk. Dei tek på seg å granska hjarto og nyrer. Og dei har ingen kompetanse i det. Og dessutan sa advokat Thom Arne Hellerslia at skulle nokre av dei vera proforma kristne, spelar det lita rolle for den rettslege situasjonen deira i og med at forfølgjarane deira ser på dei som kristne. Det er det avgjerande.

Seminaret heitte "I god tro", og same tittel ber også ei utgreiing Hellerslia har laga om den nye utlendingslova som trer i kraft i 2010. No skal eg setja meg ned å studera denne.

Snakka forresten med ein kristen UNE-jurist. Han sa til meg det eg har ant lenge: "De må leggja press på politikarane. Det er dei som sit med nøkkelen. Me er byråkratar og jobbar etter dei retningslinjene dei set opp."

Sjølvsagt er det slik. Men politikarane er på si side veldig konsekvente på å toa hendene sine i brutale asylsaker og kastar ansvaret over på UNE. Dette er jo berre tragisk.

Forresten kom Zafar Iqbal og var saman med meg på seminaret. Iqbal var den første flyktningen som me jobba for og som fekk opphald i 2002-03 etter halvtanna år i kyrkjeasyl, rettsak og massa mask. No bur han med familien i Oppegård. Det var så koseleg å treffa han, og han var venleg og køyrde meg til Gardermoen etter seminaret var slutt.

Eg kjem attende med meir om desse sakene etter kvart.

Ingen kommentarer: