tirsdag 3. februar 2009

I tru, utan å sjå


Det vart sagt om Abraham at han levde i tru, utan å sjå. Og slik må me også leva. Me ser ikkje Gud, men me lever liva våre ut frå den føresetnad at han eksisterer, og me innrettar oss etter det som står i Bibelen. Det er å tru. Me ser ikkje vår eiga rettferd. Men me stolar på Jesus, at han har fjerna syndene våre med sitt offer, og gjeve oss ei fullkomen rettferd slik at me skin som finpussa juvelar for Gud. Folk kan le seg skakk av oss, men dette er det me trur på, og me vik ikkje ein tomme.

Men slik som det er i dogmatikken, slik er det også i det praktiske. Me investerer i Guds rike, gjev rikeleg til dei trengande og stolar på at Gud til ei kvar tid tek vare på oss og gjev oss det me treng. Me hevdar og forkynner Guds ord udelt, og satsar på at Gud let Ordet spira og gro til tru og liv for dei me snakkar for og med. Me ber for sjuke fordi me veit at Jesus vil det, og så får han ta seg av resultatet. Slik kan me halda fram. Og innimellom skjer dette forunderlege: "sa eg det ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!" Ein Lasarus står opp. Eit under skjer. Og me får erfara at bak trua på Ordet, ligg det ein REALITET som ein dag skal visa seg for alle. Då skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge sanna at "Jesus er Herre", til Guds Faders ære.

Ingen kommentarer: