fredag 13. februar 2009

"Legg merke til kva eg gjer mellom dei unge i denne tida!"


I går morgon talte Den Heilage Ande til meg og sa: "Legg merke til kva eg gjer mellom dei unge i denne tida. No vel eg meg ut eit folk mellom dei som skal tena meg."

Så bra! tenkte eg. Gud tek sjølv tak i dei unge og famnar dei. Og det er for oss berre å studera Guds verk, og engasjera oss i det så godt me kan. I dette ljoset er det me må sjå alle Impulsarrangementa, det kristne skulelagsarbeidet, Ny generasjon, Skærgårdsgospel, alt som skjer innan UIO og elles på lokalplanet. Men eg lurer på om me ikkje står overfor noko nytt og større: Unge menneske som står fram som modige og myndige kristne, leida av Gud til å ta sjølvstendige initiativ utan alltid å vera styrt av oss "vaksne og kloke". Kanskje vil dei etablera nye kyrkjelydar som brenn som berre det for Jesus, og som me i satt alder må læra av? Kva veit eg, men det skulle ikkje forundra meg. Me ser atl konturane av dette.

Einkvar generasjon er kalla av Gud til å leva for den generasjonen som kjem etter dei. Ein generasjon som lever for seg sjølv, er ein katastrofe. Når vaksne tilårskomne kristne (som meg sjølv) sentrerer om seg sjølv og sine eigne større og mindre problem, er det triste greier. Me som har kjent Gud i ein mannsalder eller så, skal ha så pass åndeleg forstand at me overlet våre eigne problem til Gud for å setja fokus og energi inn på å læra barna å elska Gud og støtta opp om dei unge sine friske initiativ. Men Guds kyrkje i Noreg er, trass alt fantastisk ungdomsarbeid som blir gjort, full av menneske som dyrkar sjølvlivet. Difor lid mange unge av åndeleg underernæring, og mange kjem bort frå Gud sin Far. Men no vil han altså ta skeia i si eiga hand så og seia, og det skal bli skikkeleg spennande å følgja med på, og forhåpentlegvis få vera med på.

Salme 110,3 avspeglar Guds draum for ungdomane: "Ditt folk møter villig fram på ditt veldes dag. I heilag prydnad kjem din ungdom til deg, som dogg or morgonroden."

Dogga ein sommarmorgon dekker alt. Her snakkar Herren om ei veldig rørsle av unge menneske som er helga ved trua på Jesus og fylte av Anden. Det er ein draum som skal realiserast i forkant av Herrens veldes dag. Og dagen er nær, så me har grunn til å vera fulle av forventning.

Ingen kommentarer: