1. Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innafor grensene i sitt eige land.
2. Det skal også vere full rett til å reise ut or det landet ein bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land.
Denne artikkelen handlar om rørslefridom. Når styresmaktene vil kontrollera befolkninga si, reduserer dei rørslefridomen. Det er svært effektivt. Slik var det i Noreg for 200 år sidan og i Kina for 50 år sidan (der folk ikkje kunne reisa ut av sin eigen folkekommune). Ingen som budde i Sovjetunionen og i Austblokklanda etter krigen og fram til 1991kunne bevega seg fritt ut av landa sine. Kommunistane stengde grensene for eigen befolkning for dei visste at dei var så pass lite populære at fekk folk reisa, så kunne det bli temmeleg folketomt etter kvart.
Rørslefridomen er viktig også for kyrkja og den kristne misjonen. Jesus befalte oss å gå ut og disippelgjera nasjonane, og det fordrar rørslefridom.
Det er mange regimer i dag som prøver å hindra folk i å reisa ut av landa sine, som t.d. Iran og Tyrkia. I Tyrkia er det så dyrt å få seg pass at mange med normale lønningar ikkje har råd til å skaffa seg eit. Og iranske flyktningar i Tyrkia er låste til eit stusseleg tilvære i eit land som ikkje ønskjer at dei skal vera der. Tyrkia får store summar årleg hos EU for å halda dei der og hindra dei i å reisa vestover til Europa. Skal iranarar ut av iran, må dei ofte flykta, og då hamnar dei i Tyrkia eller Armenia. Og så er det Nord-Korea. Kim-dynastiet har stengt grensene sine hermetisk. Ingen får reisa ut av Nord-Korea. Mange land som har ratifisert Menneskerettsfråsegna bryr seg lite om artikkel 13.
Mange menneske er i dag også låste fast til flyktningeleirar som dei ikkje kan koma seg ut av, som t.d. karenfolk i Thailand og rohingya i Bangladesh.
Ingen snakkar om denne artikkelen lenger, og den burde så avgjort bli tørka støv av for å sjå på kva nasjonane er forplikta på når det gjeld vanlege folks rett til fri rørsle.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar