mandag 4. desember 2023

Advent 2023. Dag 5

Kjære Jesus! Du kom til oss, ikkje berre for å visa deg fram for så å reisa frå oss att, men du kom for å bli. Opna ordet ditt for oss no når me skal dela det med kvarandre. Amen!

Så sant du trur på Jesus og er ein kristen, bur Jesus i deg. Du er fødd på nytt, er blitt ein berar av Gud, fått del i guddommeleg natur, som Peter formulerer seg. Det handlar om ein personleg transformasjon. 

Gud er i deg, noko som har enorm betydning for dei du pleier kontakt med, for liksom Jesus er blitt ditt håp, kjem du med håp til dei du har rundt deg. Eit kristent menneske formidlar alltid håp, ikkje motløyse. Det siste ville vera heilt meiningslaust i og med at me har fått den ånd hos Gud som ikkje frambringer møtløyse, men ei ånd som gjev kraft, kjærleik og visdom, som me les i 2.Tim 1. 

Og som om dette ikkje skulle vera nok: Jesus er også med deg, seier han i misjonsbefalinga, slik at alle som møter deg, møter han før dei møter deg. Dette er jo berre heilt strålande. For det betyr at du som kristen påverkar folk med Gud i kraft av at du berre finst.  Og Jesus sa det jo sjølv til læresveinane sine i Matteus 5 at "de er verdas lys og jordas salt". Ikkje at dei skulle bli dette ein gong i framtida, t.d. på pinsedag, men at dei allereide var lys og salt. Korleis kunne det ha seg? Jo, dei trudde på han, og ved trua hadde han teke bustad i dei. 

Jesus stadfester dette for oss i Johannes 15 når han seier: "Eg er vintreet og de er greinene", og dette var jo medan han var hos dei reint fysisk. Og han sa: Dersom de blir i meg, så blir eg i dykk, og de skal gå ut og bera frukt, frukt som varer. Den fysiske, menneskelege sida av Jesus var ikkje heile sanninga om han. Han var Gud, og Gud er ånd, og som sann Gud kunne han bu i venene sine før han ved sin soningsdød bana veg for at Anden kunne koma til dei i all sin fylde og starta ein heilt ny epoke både i dei liva deira, og i verdshistorien. 

Paulus skriv i Galaterbrevet 2,20: "Eg er krossfesta med Kristus, eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg, og det livet eg lever i kroppen, lever eg i trua på han som elska meg og gav seg sjølv for meg."

Kva vil eg fram til? Eg vil at du skal rekna med Jesus, at han har frelst deg på ein solid måte og at han bur i deg og er med deg. 

Ikkje strev med å få noko til på hans vegne. For din funksjon er hans sak. Du skal berre takka han for at det er sant, at han er i deg og verkar gjennom deg. 

Og kjem det inn noko i livet ditt som forstyrrar dette, så gå til Gud med det. Synda sannar me og alle bekymringane legg me fram for Gud i bøn og påkalling med takk, som Paulus skriv i Fil 4,7. Då kjem Guds fred som går over all forstand og varar hjarto og tankane våre i Kristus Jesus. Det er ein herleg erfaring. 

ra

Ingen kommentarer: