fredag 15. desember 2023

Advent 2023, dag 15. Fredsfyrsten

Lat oss be: Gode Heilage Ande! Gje oss den hjelpa me treng i dag for å forstå Guds ord. Amen! 

Det siste namnet kongsbarnet i Jesaja 9,6 skulle bera var Fredsfyrsten. 

Og der har du Jesus. Han er kongen som etablerte fred mellom himmel og jord, mellom oss som er fulle av synd og den heilage, treeinige Gud, han som er verdas dommar. Men den synda han skulle dømma, tok han på seg sjølv, gjekk inn i døden med ho og kasta ho i ein botnlaus avgrunn. Slik skapte han fred med sitt blod, skriv Paulus til efesarane. 

Kjære ven! Synda er borte, og vegen til Gud er open for alle som vil ha fellesskap med han  og som vil innretta seg etter hans vilje. Kvar einaste som kjem til Gud i tillit til Jesus og hans frelsesverk, blir eit tempel for Gud. Det er ikkje berre slik at me flyttar inn i himmelen når me blir kristne. Himmelen flyttar inn i oss, og me himmelen kjem himmelens fred. 

Kor mange gongar har du ikkje høyrt vitnemål frå nye kristne at dei fekk fred då dei fann Jesus? Det er heilt vanleg. Dette er den freden som går over alle forstand. Fornuften fortel oss at me burde vera urolege for både det eine og det andre. Likevel er me ikkje det. Me adresserer grunnane til uroa vidare til Jesus, og så overtek Guds fred i sinnet. 

Ein dag skal Jesus koma att og setja føtene sine på Oljeberget. Då skal han etablera fredsriket sitt. Me kan lesa om dette riket i Jesaja 2 vers 1 ff. Dette riket skal ha Jerusalem som sin hovudstad. Det er vanskeleg heilt å sjå for seg korleis dette blir, men me anar at det blir ei fin tid for verda. Då skal djevelen bindast for ein periode på tusen år slik at han ikkje kan bedra menneska med løgnene sine lenger, og det blir fred mellom nasjonane. Men dette er så stort at me berre kan kvila tankane i det i små augneblink før me vender attende til kvardagen og evangeliseringa for å bringa Guds tilgjeving og fred til dei me møter på vå4r veg som alle kjempar kvar med sitt. 

Ingen kommentarer: