fredag 29. desember 2023

Ny megakyrkje veks fram i India

 Calvary Temple i Hyderabad (ein storby med 7 millionar innbyggjarar)  er Indias største kyrkjelyd med meir enn 300 000 medlemmer, og slik sett ein av dei største i heile verda. Dei ekspanderer kraftig, og har dei neste ti åra ein visjon om å planta og byggja 40 nye megakyrkjer i landet.

Vekking

Pastor dr. Satish Kumar seier: «Guds hand er over India, og tida er no inne for at me skal nå heile Indias fortapte befolkning med evangeliet, men meir enn det: målet vårt er strengt tatt å nå ut til alle i heile verda.»  Det som skjer i denne kyrkja kan vel ikkje karakteriserast som noko anna enn ei klassisk kristen vekking slik me les om det i Bibelen i den første kristne tid, og som me også kan kjenna att frå reformasjonen i Nord-Europa på 1500-talet, dei store vekkingane i USA, England, Tyskland, Böhmen (Tsjekkia) og Noreg på 17 og 1800-talet og pinserørsla då denne vaks fram i førre hundreåret.  Guds arbeid var så breitt og djupt av det ikkje berre endra enkeltpersonar, men heile samfunn.

Lat meg først få gje dykk eit lite inntrykk av korleis dette ser ut i Hyderabad:

Kl 4 kvar søndag morgon strøymer folk til kyrkja for å få god plass til den første av fem gudstenesta som startar kl 06.00. Kyrkjebygningen rommar 18000 menneske. Dei fyller denne salen fem gonger kvar søndag, og folk kjem for å lytta til pastor Kumar, bli bedt for og ha fellesskap.  

 Pastor Kumar seier han er privilegert som får lov å gjera teneste i dette fellesskapet som på få år i har vakse så enormt og i tillegg har planta 11 nye kyrkjelydar i landet

Eksplosiv vekst

Calvary Temple starta i 2005 med rundt 20 medlemmer, og har etter etter den tid vakse nærast eksponentielt. Kvar månad kjem rundt 3000 menneske frelst og lagt til kyrkja. Korleis kan slikt skje i eit land der hinduismen har eit mektig grep på befolkninga? Det er sikkert ikkje eit enkelt svar, men pastor Kumar har lagt vekt på ein del faktorar som har bore god frukt.

Forkynning og praktisering

Guds ord blir forkynt slik som det står. Det er berebjelken. Så blir forkynninga praktisert. Som eit døme på dette fortel han at kvar søndag serverer dei gratis frukost, lunsj og middag til alle som møter opp. Dette er kjærkome for alle fattige.

Navgalli Mendem har jobba som frivillig med å laga mat til 50000 menneske kvar søndag i 7 år. Ho hadde lova Gud at ho ville gjera dette dersom han lækte henne frå kreftsjukdomen som hadde råka henne. Svulsten i brystet vart borte, og i takksemd jobbar ho no frå tidleg morgon til sein kveld ved grytene.

Kyrkja har også sitt eige sjukehus der sjuke menneske får gratis konsultasjonar kvar søndag, og dei kan kjøpa medisinar til reduserte prisar.

«Når me tener menneske, tener me Gud,» seier pastor Kumar. «Me prøver å demonstrera Guds kjærleik i praksis på alle dei måtane me kan tenkja oss.»

Media

Ein viktig nøkkel til suksessen er bruk av media. Kvar veke produserer Calvary Temple 650 TV program på 17 av dei største språka i India.  Desse vert kringkasta på landsdekkande TV.  Programma vert også sendt til Bangla Desh, Nepal, Pakistan, Afghanistan, Gulf-statane og til Sri Lanka. 

Millionar vert i tillegg nådde på sosiale media.

Fødselsdagsgest

Og så praktiserer pastor Kumar ein morosam gest: Alle som har fødselsdag får tilsendt ei kake med ein gratulasjon frå han.

Elektronisk medlemskort

Alle medlemmer har fått eit eige elektronisk kort som dei brukar å registrera seg med når dei kjem til kyrkja. Dersom nokon av ein eller annan grunn ikkje registrerer seg ein søndag, blir dei oppringde med spørsmål om kvifor dei har halde seg heime, og om det er noko dei treng forbøn for. Slik må me ha det, seier pastor Kumar, når me har 350000 medlemmer. Elles kan me ikkje ta godt vare på folk.

Chandrai (bilete) er medlem av kyrkjelyden, og opplever det som omsorg når han blir oppringt. Han sørger for at dei ikkje treng ringa så ofte

Bøn og faste

Bøn har alltid vore viktig for pastor Kumar, og kvart år samlar han titusenvis av unge menneske over heile India til 40 dagar med bøn og faste. I denne tida går pastor Kumar gjennom heile Bibelen saman med dei bedande, frå 1.Mosebok til Johannes openberring.

I tillegg blir det ein fredagskveld i månaden halde bønekveldar (møte med Gud-kveldar, som dei kallar det). Då samlast 30 000, for det meste unge menneske, for å prisa Gud og be om vekking over nasjonen og nasjonane.

Forfølging

Dei siste åra har kristne i India opplevd aukande forfølging. Kristne er blitt drepne og kyrkjer nedbrende. No sist i Manipur nord-aust i landet.

Pastor Kumar svarar: «Jo meir me blir forfølgde, jo raskare veks me. Og det er mitt ønskje og min pasjon at før eg døyr har alle indarar fått høyrt evangeliet og blitt kjent med frelsaren».

Kjelde: CBN-News

 

Ingen kommentarer: