tirsdag 6. februar 2024

Løgner me ikkje kan leva med

 Det er to typar løgner: simpel uærlegdom og  ideologiske løgner. Simpel uærlegdom har me sett mange døme på mellom toppolitikarar dei siste åra. Det er så gale på dette området no at Jonas Gahr Støre har store vanskar med å setja saman ei regjering som kan vara ei stund. Lika sprett ut av skapa. 

Men langt verre er det med dei ideologiske løgnene som desse folka står for, og som ikkje vert påtalte, men snarare verdsette og sementerte i lovene våre.

Eg vil nemna nokre av desse løgnene:

«Eit foster er ein del av kvinna sin kropp, og ei kvar kvinne må ha rett til å bestemma over sin eigen kropp». Desse to løgnene ligg til grunn for lova om sjølvbestemt abort. For det er ikkje sant at fosteret er ein del av kvinna sin kropp, og ho kan heller ikkje gjera med kroppen sin som ho ønskjer. Så langt i frå. Ingen kan det.  

Barnet i mors liv har sine eigen kropp der berre halvparten av genene stammar frå mora. Den andre halvparten frå faren. Det gjer barnet til eit eige individ, ikkje ein del av mora.

Eit ufødd barn har sin eigen kropp. Det veit alle i vår tid, og det visste alle også før nokon kom på den sprø tanken om at det er ein del av mora sin kropp. Hensikten var å gje mora uavgrensa makt over barnet sitt. Sanninga er at mora berre er ein husvert for barnet fram til det blir fødd. Men ikkje noko vertsskap er normalt i posisjon til å bestemma over liv og død for gjestene sine. 

Dessutan: Dersom ei kvinne hadde kome til ein lækjar for å fjerna ei frisk hand eller ein frisk fot (som faktisk er ein del av kroppen hennar), ville ho ikkje ha kome noko veg med det. Ingen lækjar med sine fulle fem ville ha påteke seg eit slikt ansvar, og hadde han gjort det, ville han straks ha mista lisensen sin.

Men dersom han derimot fjernar eit ufødd barn, treng han ikkje ottast for lisensen. Den skaden kan han gjera med lova i hand. Barnet er jo ikkje pasient. 

Den tredje løgna eg vil peika på er at kjønn ein sosial konstruksjon. Det er ein ganske rar påstand, for alle veit i røynda at kjønn er utelukkande ein biologisk konstruksjon. Men ideen om at kjønn  handlar om sosiologi og psykologi har slått kraftig an, og har ført til å menn som meiner dei føler seg som kvinner, og kvinner som meiner at dei føler seg som menn (noko dei ikkje kan vita det aller minste om forøvrig), kan  byta  det dei kallar "juridisk kjønn" med eit tastetrykk, og før me veit ordet av det har me ei "kvinne" med penis og testiklar og ein "mann" med bryst, vagina og livmor. 

Omtrent utan debatt vart det i Stortinget 6.juni 2016 bestemt med lov at så enkelt skulle det vera å byta juridisk kjønn.  

Den fjerde løgna eg vil peika på er at det finst eit mangfald av kjønn, og at kvart enkelt menneske sjølv kan bestemma kjønnet sitt. Dette er ei merkeleg løgn som enno ikkje har festa seg i lovverket vårt, men eg har forstått det slik at saka om ein tredje kjønnskategori (som skal romma ei drøss med kjønn) er på trappene. 

Det eksisterer naturlegvis ikkje noko vitskapleg grunnlag for alle desse rare kjønnskategoriane. Det er  "innbilt kjønn", som tidlegare professor ved universitetet i Stavanger, Anne Kalvik, så treffande kallar det. 

Sanninga er, som alle eigentleg veit, at det er kun to kjønn, hann og ho, og at kjønn handlar om reproduksjon. Hann har små kjønnsceller, ho har store. Hann har XY-kromosom. Ho har XX. Denne skilnaden er markert i alle kroppen sine mange billionar celler. Ingen operasjon eller hormonbehandling kan endra på dette. Ein transmann er og blir ei kvinne, og ei transkvinne er og blir ein mann, same korleis dei enn ter seg og kler seg. 

Den femte løgna handlar om det å bli fødd i feil kropp. Det er sjølvsagt ikkje mogeleg. Me ER kroppane våre. Ingen av oss har eksistert utan kropp eller før me fekk kropp. Hinduane og buddhistane snakkar om sjelevandring og reinkarnasjon. Kan ideen om å vera fødd i feil kropp koma derifrå? Eller kanskje ikkje. I desse to religionane får alle den kroppen dei fortener. Det blir aldri feil. Det er karma. Men i vår kristne kulturtradisjon tenkjer me annleis:  Kroppane våre ER oss, og ingen er feilvare. Og takk og pris for det. Og me eit slikt utgangspunkt, kan me jobba med kjønnsidentiteten. For nokre kan for all del vera fødde med feil kjønnsidentitet. Ikkje med feil kropp. Og då må ein jobba med å endra kjønnsidentitet. Men det blir ikkje lett framover, for då heiter det konverteringsterapi, og det er blitt forbode og straffbart. Men skulle det ikkje meir naturleg at det er identiteten som er feil når ein oppdagar kjønnsinkongruens? Kvifor er det alltid kroppen det er noko feil med? Det er lettare, rettare, billigare og langt mindre farleg å behandla kjønnsopplevinga enn kroppen. Er det ingen som har tenkt på det? 

Så til slutt dette merksnodige uttrykket som går igjen i fleire dokument, m.a. frå Bufdir som snakkar om "det kjønnet barnet vart tildelt ved fødsel". Det er mildest talt ei uheldig og tendensiøs forklaring. At nokon seier at den nyfødde er ein gut eller ei jente, betyr jo ikkje at dei tildeler barnet kjønn. Dei berre fortel kva kjønn barnet har, og kva kjønn det har hatt frå det vart avla. Den den nye formuleringa er jo innført for å skapa rom for tvil om det biologiske kjønnet er det eigentlege kjønnet. Og behovet for ein slik tvil, har gjort at denne tussete formuleringa er blitt ståande som ei slags rett forståing av situasjonen. Men det er jo ei løgn. Ingen får tildelt kjønn ved fødsel, og det blir jo kvar dag stadfesta når gravide tek ultralyd og foreldra får beskjed om at dei ventar ein gut eller ei jente, og det lenge før fødsel.

At stadig fleire lover i Noreg er basert på løgner er forstemmande, og personleg er eg sikker på at dette er med på å redusera det moralske nivået i befolkninga. Lovene er normerande, og når løgn blir normen, korleis oppfører folk seg då?


Ingen kommentarer: