torsdag 8. februar 2024

Den norske kyrkja (DNK) er redd for at Gazakrigen kjem til å splitta kyrkja i Noreg

 Ja, dette melde NRK Dagsnytt i går morgon. Og grunnen skal vera eit aukande tal kristne som støttar Israel i deira kamp for å utvida territoriet sitt, som det så kjekt heiter frå Torkell Brekke, professor i religionshistorie. Han framstår som DNK sin talsmann i denne saka. Det er direkte umoralsk å støtta Israel i dette, seier han vidare. 

Men handlar Gazakrigen om ekspansjon? Har Brekke fullstendig gløymt ut at Hamas gjekk til åtak på Israel 7.oktober med tusenvis av tungt væpna terroristar og drap 1200 jødar med kaldt blod, og at dei trugar med å gjera det same gong etter gong inntil det ikkje er ein einaste jøde att i Jødeland? Har han ikkje fått med seg at krigen om israelsk jord alt er i gong, og at det er Hamas som har starta denne krigen? Kvifor kallar han Israels eksistensielle forsvarskrig for ein krig om meir land. Det er jo ein krig der ein vil verja innbyggjarane sine mot overgrep, og sikra seg så godt ein kan at dette ikkje skjer igjen. Det er ei kvar regjerings plikt å verna borgarane som har valt dei. Kvifor er dette så vanskeleg å forstå? Kvifor er det så mange høgt utdanna folk som vil ha det til at dette handlar om noko anna? Kvifor vil dei Israel vondt? Det er ikkje til å forstå at ei kyrkje som har det jødiske folk å takka for sin eksistens, ikkje syner større respekt for sitt opphav. 

Brekke er redd for at dei umoralske kristensionistane vil splitta kyrkja. Meiner han her Den norske kyrkja, eller kyrkja i Noreg? Eg veit ikkje. Men her får me vel vera ærlege å innrømma at kyrkja har vore splitta i mange ulike greiner lenge, også innafor Den norske kyrkja med alle sine organisasjonar og fraksjonar. Det er vel kanskje i bedehusland at kristensionistane er å finna, og ikkje innafor den gudstenestefeirande delen av DNK. Det har vel ikkje vore høg grad av harmoni mellom DNK og bedehusland dei siste hundre åra. 

Elles har Den norske kyrkja dei siste åra gjort alt ho har kunne, ved å gje aksept til syndige samlivsformer, for å markera avstand til konservative bibeltruande kristne. Og markante personar som tilhøyrer DNK har markert at det å godta syndige samlivsformer er kyrkjesplittande. At det eksisterer kristensionistar fører neppe til nye fraksjonar. Det trur eg alle lever greitt med. Det er jo ikkje noko nytt fenomen. 



Ingen kommentarer: