mandag 11. desember 2023

Advent 2023. Dag 12. Veldig Gud!

Bøn: Herre, vår lukke ligg i å kjenna deg og ditt ord, og du ber oss om å studera og grunda på dette ordet ditt slik at du kan fylla oss med Anden, og gjera oss lik tre som er planta ved rennande elvar, tre som ber frukt i si tid. Også i dag ber me om dette: Opna Skriftene for oss og syn oss hjarta ditt. Amen! 

"Han skal kallast Veldig Gud" Jes 9,6

På hebraisk er det slik at det du vert kalla, det er du. Jesus var altså Veldig Gud, skaparen av himmel og jord, alt synleg og usynleg. 

Jesus er Gud i velde, den Gud som regjerer over himmel og jord. 

Då han vart menneske, slutta han aldri å vera Gud. Barnet i krubba var Veldig Gud. Jesus på krossen var Veldig Gud. Han var Veldig Gud då han sigra over døden og stod opp frå grava , og det er han den dag i dag. Berre som Veldig Gud kunne han forsona verda med Gud. Kven andre enn Gud kunne ha rygg til å bera verdas synd? Ingen. 

Dei som såg etter, kunne sjå hans guddommelege herlegdom alt medan han gjekk som menneske på jorda. Han stilte stormen på Gennesaretsjøen, han kommanderte vonde ånder ut av folk, han reiste opp døde, og tilgav synder.  Då skein det guddommelege gjennom. 

Johannes skriv: Me såg hans herlegdom, den herlegdomen ein einboren son har frå Far sin, full av nåde og sanning. 

Og vidare: Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen har synt oss kven han er. 

Kor skal folk leita etter Gud for å finna han? I Jesus Kristus! Kor finn dei Jesus? I Bibelen og i kyrkja. Og alle som heilhjarta leitar etter Gud, vil garantert finna han. Det har han lova gjennom profeten Jeremia i kap. 29. 


Ingen kommentarer: