onsdag 20. desember 2023

Advent 2023. Dag 21. Rettferdssola

Herre Jesus Kristus! Takk at du har teke på deg oppgåva å vera vår rettferd innfor Gud. Det er meir enn me kan fullt ut kan fatta. Men når Anden underviser oss, forstår me nok til å bli glade og kjenna litt på fridomen i dette. Og me treng Andens hjelp og lys også innfor det ordet me skal dela i dag, så det ber me om i ditt  namn. Amen!

Malakia 4,2

Men for dykk som fryktar for mitt namn, skal rettferdssola stå opp med lækjedom under vengene sine. De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.

I dag er me komne til avslutningskapitlet i Det gamle testamentet. Det er også eit kapittel med fokus på håp om frelse.

Dette ordet kom til Malakia over 400 år f.Kr., og er ein profeti om Jesus. Då Jesus vart fødd, levde, døydde og stod opp att,  sto rettferdssola opp, og ein ny dag rann i verda, nådens dag då Gud er å finna. For Jesus kom me lækjedom, ikkje berre for kropp og sjel, men for heile vår eksistens . Han bar bort syndene våre, betalte vår skuld, og kan difor føra oss til Gud.   Kva er det å frykta Herrens namn? Det er å kalla på Jesus som Gud. Når du gjer det, blir brotet mellom Gud og deg fullstendig lækt, og den dagen Anden openberrar for deg implikasjonane av dette, kjem det ein slik glede over deg som berre kan samanliknast med den fridomen som kalvane erfarer når dei vert sleppte ut på beite om våren.

Ingen kommentarer: